Hopp til innhold

Her produserer dei elleve tonn gombe i året

GLOPPEN (NRK): På Fjellestad gardskjøken produserer dei kring elleve tonn for året med nisjeproduktet gombe. Kari-Ann Fjellestad har drive produksjonen i 35 år, men sonen tek no over stafettpinnen.

Det ser kanskje ikkje så godt ut, men det smakar søtt. Dei produserer kring elleve tonn for året med nisjeproduktet gombe på Fjellestad Gardskjøken. No har Kari-Ann Fjellestad drive produksjonen i 35 år, men sonen Egil Fjellestad tok nettopp over stafettpinnen.

SJÅ VIDEO: Kari-Ann Fjellestad har kokt gombe i 35 år for sal. No tek sonen Egil Fjellestad over bedrifta. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Det ser kanskje ikkje så godt ut, men det smakar søtt. På kjøkenet til Kari-Ann Fjellestad i Gloppen står det fire digre gryter og kokar. 200 liter mjølk skal bli til gombe.

– Det er ein interessant tilleggsproduksjon i tillegg til mjølkeproduksjon. Det gjev arbeid til fleire på garden og er av stor verdi. Det seier sonen Egil Fjellestad.

Gombe

Gombe frå Fjellestad gardskjøken. Her er dagens produksjon, men til jul er benken mykje fullare enn dette.

Foto: Heidi Lise bakke / NRK

Han er stolt over at mora har klart å lage ei lønnsam bedrift ut av eit nisje-produkt.

Han har lært seg å koke, og kan alle prosessane.

– Vi merkar skilnad på smaken på gomba ettersom kva fôr dyra får. Han legg litt prestisje i å fore dyra godt for å få god mjølk til gomba.

Kari-Ann Fjellestad

Kari-Ann Fjellestad fekk sitt eige kjøken. Dette kjøkenet vart ferdig i 1996

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fekk seg eige kjøken

Det byrja for 35 år sidan med at ho fekk spørsmål om å lage gombe til ein kar som ville ha det til julegåve til slekt og vener. For det var ho som alltid laga gombe i diverse selskap i Gloppen. Ho laga ti liter til mannen, og han hadde det opp i boksar og gav det vekk.

– Dermed så var eg i gong. Så vart det så mykje at eg laga mitt eige kjøken.

Etter kvart har det vorte produksjon i stor skala. I dag har ho med seg ei dame som heiter Eli Solheim. Ho har vore med sidan 1989. Det er ho som er med og pakkar oppi boksar og kokar. Men ho er og pensjonist, så ho gjev seg snart.

lefse og gombe

Lefse og Gombe er sjølvsagt på alle gjestebod i Gloppen

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sonen vil satse

– Det er mange timar jobb, men det styrer seg sjølv og ganske mykje. Det seier Kari-Ann Fjellestad der ho står og røyrer i grytene.

Det er ein heilt manuell produksjon utan maskinar.

– Eg var så glad for at sonen min ville ta over. Det passa jo bra i og med at det er han som driv garden og driv med mjølka.

Han vil satse på å vidareutvikle produksjonen, og kanskje få produktet ut på marknaden og i Sogn. Han leverer allereie både til Nordfjord og Sunnfjord.

Då NRK var på besøk, var dei travelt opptekne med å førebu seg på Matamål-festivalen som skal arrangerast i Gloppen i helga. Der skal dei ha stand og selje produktet sitt. I tillegg til gombe skal dei og ha lefse og rømmegraut. Det er mange lokale produsentar som er med. Det er alt ifrå kjekjøt til heimelaga øl.

– Det er veldig positivt at ein er fleire produsentar på lokal mat. Det blir eit godt miljø produsentane imellom, seier Kari-Ann.