Hopp til innhold

Godvêret gir håp om godt morellår i Lærdal

Millionar av morellekart heng på vent i Lærdal. Om vêret held seg vert dette den beste avlinga på mange år.

Morell

GRØNE ER DEI, ENNO: Håpet er at det skal bli 10 tonn av desse bæra i hagen til Kari Sigrun Lysne.

Foto: Åsta Urdal / nrk

– Viss all denne frukta vert ferdig, så vert det ei utruleg bra avling, seier bonde Kari Sigrun Lysne på Ljøsne i Lærdal.

I den grøne frukthagen hennar, som mellom anna inneheld eit par tusen morelletre, litt aprikos, tindved og eit par påfuglar, heng fleire millionar små, grønne kart og ventar på å bli søte, raude morellar. Det gode vêret som har vore sidan slutten av mai legg til rette for ein rekordgod morellsesong.

Kari Sigrun Lysne

FRUKTBONDE: Kari Sigrun Lysne har kring 2000 morelltre, og i år ser det ut til å bli ei god avling.

Foto: Åsta Urdal / NRK

200 tonn

Lærdal er den kommunen i landet som produserer desidert mest morellar, og på eit godt år opp mot halvparten av alle morellane i heile landet.

– Vi produserer kring 200-250 tonn på eit normalår, seier dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal. Sameiget han leier omset poteter, grønsaker og bær for over 40 ulike produsentar i Lærdal, og prøver stadig ut nye produkt.

Morell

VARME: Dei bratte fjella som rammar inn Lærdal og Ljøsne lagrar varmen som magasin, og slik vert dalen nesten som eit naturleg drivhus.

Foto: Åsta Urdal / NRK

I 1997 var det morellane som var spennande og nye, og sidan frukta gjorde sitt inntog i den frodige dalen har Sogn sigla forbi både Telemark og Hardanger i morelldyrking. Og stadig er det fleire som vil starte opp, eller utvide.

Les også: Her håpar dei å produsere 250 tonn morellar

10.juli

Også Blaaflat Mundal er einig i at det ser ut til å bli eit uvanleg godt år for morellane, men klok av fjorårets skade torer han ikkje gisse på fleire tonn i år;

I 2014 var det tidleg nattefrost som tok avlinga, i fjor var det kulde i bløminga. Morellane er ei følsam steinfrukt, og likar verken regn eller kulde. Så langt i år har både bonde og frukt gått klar av låge temperaturar, og rammeverk med plast er på plass i tilfelle nedbør.

Les også: Frost tok knekken på 50-100 tonn moreller

– Om vêret held seg like godt som det har vore til no reknar eg med at vi byrjar å plukke rundt 10.juli, seier Lysne.

Ho håpar å hauste heile 10 tonn morellar i frukthagen sin.

Drøymer du om smaken av morellar?

Hund i frukthage

FULL PINNE: Ein frukthage må skjerast, til stor glede for ein pinneglad hund.

Foto: Åsta Urdal / nrk