Hopp til innhold

Nekta plent for å ha brote fartsgrensa i verdas lengste tunnel

Austlendingen blånekta for at det var han som køyrde bilen gjennom Lærdalstunnelen. Dermed måtte retten avgjere fartsbota.

E16 Lærdalstunnelen

ILLUSTRASJONSFOTO: Austlendingen og ein i reisefølgjet forklarte seg likt om kven som var førar då bilen braut fartsgrensa. Men verken påtalemakta eller Sogn tingrett trudde på dei.

Foto: kjell wold

Det var under ein sognetur i april i fjor at bilen vart fotografert av ein av fotoboksane i verdas lengste tunnel.

Medan både registreringsnummer, biltype og bileigar var på det reine, nekta austlendingen i 50-åra for at det var han som førte bilen i 99 km/t i 80-sona på veg nordover.

Han nekta plent å godta førelegget på 3.600 kroner og hevda det var ein annan i reisefølgjet som køyrde bilen. Sjølv meinte han skråsikkert at han sat bak rattet på returen. Denne forklaringa presenterte også kameraten hans for tingretten - heilt til han fekk sjå biletet. Då kjende han att tiltalte som førar av bilen.

Men ein tilsett ved det lokale lensmannskontoret var derimot sikker på at det var den tiltalte austlendingen som sat bak rattet. Ho kjende straks att mannen, som skal vere ein kjenning for politiet.

Retten meinte også at dei tre personane på biletet var ulike, og at føraren likna på tiltalte sitt bilete både i passet og straffeattest. Mannen er tidlegare domfelt og bøtelagd ei rekkje gonger.

Dermed landa Sogn tingrett på at mannen faktisk var føraren, og dømde han til 4.000 kroner i bot for fartsoverskridinga. Dermed får mannen også dei to siste prikkane som gjer han til fotgjengar i seks månader.

Om ikkje dette er nok, må han også ut med 4.000 kroner i sakskostnader ettersom førelegget måtte avgjerast av retten.