NRK Meny
Normal

Godtek manglande innsyn i konsulentbilag

LEIKANGER (NRK): Eit samrøystes kontrollutval godtek at 300.000 kroner er utbetalt til Fjord1-konsulentane utan at det har vore kravd innsyn i kvitteringsbilag.

Møte i kontrollutvalet

HANDSAMA KONSULENTSAKA: – Vi ser ikkje at det er grunnlag for oss å be om å få overlevert kvitteringar for nokre få tusenlappar på ei rekning på 11,6 mill kroner, seier leiar Frank Willy Djuvik (t.v.) i kontrollutvalet.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er ikkje så relevant om konsulentane har spist biff eller pommes frites med pølse, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Han er leiar i kontrollutvalet i Sogn og Fjordane, og tok ordet under dagens handsaming av konsulentsaka. Utan å krevje innsyn i kvitteringsbilag, har fylkeskommunen punga ut om lag 300.000 kroner for utgifter konsulentane skal ha lagt ut i samband med rådgjeving i Fjord1-saka.

Fylkeskommunen har samla punga ut 11,6 millionar kroner for å få råd i samband med Fjord1-salet.

– Under føresetnad av at dei som attesterer fakturaene har gjort ei vurdering av bilaga – og at dei er relevante, er det ikkje grunnlag for å seie at systemet eller kontrollen ikkje har vore tilfredsstillande, seier Djuvik.

Meiner dei har god kontroll på rekningane

I fakturaspesifikasjonane frå konsulentane heiter det at dei 300.000 kronene mellom anna har gått med til flyreiser, hotellovernattingar og servering. Men sidan kvitteringsbilaga har mangla, har det vore uråd å dobbeltsjekke kva pengane verkeleg har vore brukte til.

Reaksjonane frå ulike fylkespolitikarar har vore sterke.

– Eg har ikkje mistanke om at det her er kjøpt inn ting, som ikkje skulle vore kjøpt inn for vår rekning. Brorparten av dei rekningane det her er snakk om, er flyreiser – og det er på dagar vi har god oversikt over kor dei har reist, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

– Treng ikkje sjå bilag for nokre tusenlappar

Eriksen meiner framstillinga i media om at han ikkje vil leggje fram Fjord1-bilaga er feil. Fylkesrådmannen viser til at han ikkje sit på kvitteringsbilaga, og at dei kan hentast inn og leggjast fram dersom kontrollutvalet ønskjer det – men at det er arbeidskrevjande og at det i tilfelle vil ta tid.

I staden for å krevje innsyn i alle kvitteringsbilag vil kontrollutvalet ha vurdert om fylkeskommunen har følgt Lov om offentlege innkjøp då Fjord1-konsulentane vart hyra inn.

– Vi ser ikkje at det er grunnlag for oss å be om å få overlevert kvitteringar for nokre få tusenlappar på ei rekning på 11,6 mill kroner, berre for å sjekke kva konsulentane har ete eller ikkje ete, seier han.

– Det som er viktig for oss, er å syte for at fylkeskommunen har hatt tilstrekkeleg kontroll på utgiftene, og undersøkingane våre viser at fylkeskommunen har god kontroll, seier Djuvik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser