Godtek ikkje sjukehusendringar

Sogn og Fjordane Frp godtek ikkje omleggingane som styret i Helse Førde planlegg.

Frank Willy Djuvik og Nils R Sandal

Frank Willy Djuvik (i midten), og Frp krev at regjeringspartia løyver midlane som må til for å oppretthalde sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane. Arkivfoto.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Helseføretaket må kutte 150 millionar kroner dei neste åra og styret har gjort framlegg om å legge ned lokalsjukehusa på Eid og Lærdal . Desse skal erstattast med lokalmedisinske senter.

- Godtek ikkje

I helga samla partiet alle lokallaga til rådsmøte i Førde, der dei tok stilling til det utsende høyringsframlegget til strategiplan frå Helse Førde. Eit samla rådsdmøte samla seg om uttalen der partiet går for eit sentralsjukehus og to lokalsjukehus, på Eid og i Lærdal.

- Vi godtek ikkje premissane som vert lagt til grunn i Høyringsutkastet til styringsgruppa i Helse Førde, der ein byggjer store delar av grunnlaget på Samhandlingsreforma som ikkje er vedteken i Stortinget, seier Djuvik.

Krev meir midlar

Partiet stiller seg undrande til at ei nedlegging av lokalsjukehusa er trygt for innbyggjarane. Dei krev at Regjeringa løyver dei naudsynte midlane slik at ein kan oppretthalde lokalsjukehusa med fødeavdeling og akuttberedskap.

- Vi godtek ikkje premissane for at innhaldet i "Lokalmedisinske senter" kvalifiserer til å vere eit lokalsjukehus, seier Djuvik.

Raudgrøne får skulda

I uttalen går partiet i strupen på dei raudgrøne regjeringspartia som styrer både sentralt og regionalt, i tillegg til at dei sit med styrerepresentantane i helseføretaka.

- Desse partia har lova å oppretthalde sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane, men har over fleire år bevisst arbeidd for å redusere tilbodet. Det er berre gjennom ei kraftig auke av midlane frå regjeringa at det vil vere mogeleg å oppretthalde eit trygt helsetilbod for innbyggjarane, seier Djuvik.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.