Hopp til innhold

Godtek ikkje samfunnsstraff for grov vald mot ekssambuar

Domen der ein mann i 30-åra frå Sogn og Fjordane vart dømd til samfunnsstraff for til dels grov vald mot sin tidlegare sambuar blir anka.

Ane Evang

STATSADVOKAT: Ane Evang meiner 420 timar samfunnsstraff var for mild reaksjon mot mannen som erkjende grov vald mot sin tidlegare sambuar.

Foto: Helge Carlsen / NRK

– Påtalemakta meiner det skulle vore fengselsstraff utan vilkår. Difor ankar vi straffutmålinga. Så er det opp til lagmannsretten om dei vil sleppe inn anken, seier statsadvokat Ane Evang ved Statsadvokatane i Oslo.

Varslar ny anke

Det var før jul at Nedre Romerike tingrett dømde mannen til 420 timar samfunnsstraff for vald i nære relasjonar . Straffa skulle gjennomførast i løpet av eitt år og to månader. Han vart også dømd til å betale sin tidlegare sambuar 50.000 kroner i erstatning.

Louis Anda

FORSVARAR: Louis Anda forsvarar mannen i 30-åra frå Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

Mannen meiner straffa er rett, men er budd på at lagmannsretten kan komme til ei anna avgjerd, seier forsvarar Louis Anda.

– Vi ser moglegheita, men eg kan allereie varsle no, at dersom det skulle skje, så ankar vi til Høgsterett, seier advokaten.

Løfta så øyra rivna

Mannen var straffedømd sju gonger før for vald då han i fjor haust møtte i Nedre Romerike tingrett. Han er no i arbeid og har fått hjelp med rusproblema som han sleit med.

Ifølgje dommen var det ein angrande syndar som erkjende å ha utsett sin tidlegare sambuar for vald.

Mellom anna lugga, slo, dytta, tok kvelartak og kasta kvinna rundt. Ved eitt høve løfta han henne etter øyra så ho byrja å blø. Han skal også ha tend ein lighter under beina hennar og trua med å både drepe og øydeleggje bustaden om ho varsla politiet.

Tingretten fann det formildande at det er stor risiko for tilbakefall om mannen må i fengsel. Dei la også vekt på at saka har hatt to år liggetid hos politiet.

– Avgjerda til tingretten er rett, ut frå dei spesielle omstende som var med omsyn til den positive utviklinga til domfelte og rehabiliteringa når det gjeld hans personlege forhold utover det, seier Anda.

Ikkje overraska

Advokaten er likevel ikkje overraska over at påtalemakta har vald å anke straffutmålinga.

Anda reknar også med at saka er av så prinsipiell karakter at den vil sleppe gjennom til behandling i lagmannsretten.

– Det er den første saka, som eg har funne, der det er så pass alvorlege krenkingar i nære relasjonar, og det er reagert med samfunnsstraff. Då overraskar det meg ikkje at påtalemakta vel å få prøvd om det er ein passande reaksjon ved så pass alvorlege straffbare handlingar.