Han viser til at flyplassen har hatt ein jamn auke i passasjertalet dei seinare åra.
- Vi meiner det er feil å fjerne ein avgang på Sandane. Lufthamna har hatt ei fin utvikling dei siste åra, og vi nærmar oss 30.000 passasjerar i 2005. Det er historisk rekord, og det tyder på at det er stort behov for rutene på Sandane.
Ryssdal seier han no vil ta saka opp både med departementet og Widerøe.