Hopp til innhold

Godtek ikkje å bli styrt frå Førde

FLORØ (NRK): For mange florøværingar er det umogleg å gå inn i ein storkommune der ein blir styrt frå Førde. Både unge og eldre er imot.

Aslaug Jensen

Aslaug Jensen (74) frå Florø vil ikkje bli styrt frå Førde. Florø er finare og betre enn Førde, meiner ho.

Foto: Bård Siem / NRK

Regjeringa er i gang med ein omfattande kommunereform. I Sunnfjord kan ni kommunar bli til ein, med Førde som kommunesenter.

Ei av dei som ikkje vil bli styrt frå Førde, er 74 år gamle Aslaug Jensen.

– Dersom vi skal gå inn i ein storkommune, må kommunen vere styrt frå Florø.

– Kvifor det?

– Fordi eg er patriot. Vi har det så flott her i Florø med både hav og fjell. Eg har ikkje noko imot førdianarar, men Florø har ein langt eldre bytradisjon enn Førde.

Ni kommunar kan bli til ein

Ein intensjonsavtale mellom dei aktuelle kommunane Gloppen, Jølster, Førde, Gaular, Naustdal, Flora, Fjaler, Askvoll og Hyllestad er utarbeidd.

I dag skal formannskapa i dei ni kommunane møtast for å diskutere saka.

Til sjuande og sist har innbyggjarane det avgjerande ordet gjennom folkerøystingar i kommunane.

Næringslivet vil ha samanslåing

Høgre-politikar og styreleiar i Flora Industri- og næringsforeining, Bjørn Hollevik, er positiv til ein storkommune med Førde som kommunesenter.

– Når vi driv næring, ser vi ikkje kommunegrensene. Industriforeiningane i Flora, Førde og Bremanger har hatt eit felles overordna organ i åtte år. Røysta frå vårt område ville vorte tydelegare og kraftigare dersom vi hadde hatt ein felles kommune, seier han.

Han meiner det er kjøtvekta som tel når det er snakk om å få tak i nye offentlege arbeidsplassar.

– Skal vi få til eit blomstrande privat næringsliv, er vi avhengige av at det finst rikeleg tilgang på offentlege arbeidsplassar, seier han.

Vil styre kvarandre

– Men no sit du her i Florø og seier langt på veg at det er greitt å bli styrt frå Førde. Er det slik å forstå?

– Nei, eg snakkar ikkje om å bli styrt frå Førde. Vi skal greie å styre kvarandre i lag. Det er det viktige her.

– Men planen er at rådmannen, toppadministrasjonen og etatssjefane skal sitje i Førde?

– Ja, det er det. Men dette er det til sjuande og sist folket som bestemmer. Vi kan ikkje slå folk i hovudet med å seie at samanslåing er best. Vi må informere innbyggjarane og få dei til å forstå at dette er ei god løysing for framtida, seier han.

Ungdommane skeptiske

17 år gamle Ørjan Endestad frå Eikefjord har ingen sans for storkommunen, og trur dei fleste ungdommar er imot.

Ørjan Endestad

ER MOT: 17 år gamle Ørjan Endestad frå Eikefjord i Flora har ingen tru på ein storkommune der både Førde og Flora er med. Dei fleste ungdomane vil vere imot ei slik løysing, trur han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det ville blitt veldig mykje krangling, for i mi aldersgruppe er det mykje krangling mellom Førde og Florø.

– Kunne ikkje samanslåing ført til betre forhold mellom ungdomane i Førde og Florø?

– Nei, det ville ikkje vore mogleg, seier han.

«Fotball-Rognsø» seier nei

A-lagstrenar i fotball Terje Rognsø er også skeptisk til ein storkommune. Noko samanslåing av fotballaga har han ikkje sansen for.

– Vi vil ikkje sett lyst på at fotballen i Florø vart styrt frå Førde, det er sikkert.

– Vi synest rivaliseringa mellom klubbane er bra. Å ha lag både i Førde og Florø er viktig for identiteten til klubbane og for interessa for fotballen.