Godt soppår gjer sauen radioaktiv

Sauer vert radioaktive av å ete mykje sopp. 2006 teiknar til å bli eit godt soppår, og det fører til høge målingar av radioaktivitet i sauen.

Måling av radioaktivt avfall i sau
Foto: Arve Uglum / NRK

Jostedalen er spesielt råka. - Grensa er 600 bequerel cesium for kvar kilo kjøtt, seier veterinær i Luster, Olav Hermansen.

- Eg målte ein sau her med ein verdi på over 2000 bequerel, og så høge verdiar er det lenge sidan eg har sett, seier Hermansen.

Sauene et soppen

Måling av radioaktivt avfall i sau
Foto: Arve Uglum / NRK

 Han og bøndene er uroa over dei høge verdiane på sauene i Jostedalen. Jostedalen er verstingen i bequerel-klassen i Sogn og Fjordane. Seksjonssjef i Statens strålevern, Anne Liv Rudjord, forklarer dei store geografiske skilnadane med sopp.

- Det er veldig høge konsentrasjonar av det radioaktive stoffet cesium i sopp. Og når det er mykje sopp og dyra et soppane, vil det veldig raskt gje utslag på radioaktiviteten i dyra. Eit godt soppår er uheldig i denne samanhengen, seier Rudjord.

- 20-30 år til

Det er 20 år siden Tsjernobyl-ulukka, men framleis vert det målt store konsentrasjonar av radioaktivetet i husdyr.

Det er sentrale fjellstrok på Austlandet, i Nordland, deler av Vestlandet og Sørlandet som er hardast ramma av radioaktivetet i beiteområde. Rudjord kan ikkje seie noko om når bøndene må slutte å fore ned sauene før slakting.

- Det vil ta veldig lang tid. Nivåa vil gå ned, men ganske sakte. Vi reknar med å halde på med tiltak og overvaking i mellom 20 og 30 år til for å halde dette under kontroll, seier ho.

Sauebonde Åse Ytri i Jostedalen har hatt radioaktive sauer i 20 år.

- Vi rekna med dette, vi har jo nedforing kvart år, seier ho. 

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.