Hopp til innhold

Godt resultat for Nordfjord Kjøtt

Nordfjord kjøtt gjorde det godt i 2005 og nærmar seg no ein omsetnad på ein milliard kroner. Slakteriet i Loen har dermed hatt rekordomsetnad, med ein auke på nær 80 millionar kroner.

Godt år for Nordfjord Kjøtt
Foto: NRK

I tillegg er årsresultatet nærare firedobla frå ni til nesten 40 millionar.

Styreleiar Torleif Roksvåg seier til NRK at han er godt nøgd.