Hopp til innhold

Godt påskebesøk i badeanlegga

Dårleg påskevêr for uteaktivitetar har ført til godt besøk hjå badeanlegga i fylket.

Lustrabadet

INNEPÅSKE: For mange fristar oppvarma basseng meir skiløypene i år.

Foto: Anne Siri Bentsen / Privat

Ved Havhesten i Florø har dei til no i påska hatt 1725 besøkande innom bassenget.

– Vi har hatt godt besøk heile påska. Mange er nok tilreisande, det har i alle fall vore mange fjes vi ikkje har sett tidlegare, seier badevert Johanne Os.

Også ved dei andre badeanlegga merkar dei at mange har valt inneaktivitetar framfor skiløypene i påskeferien i år.

– Beste dagen vår var nok langfredag med over 500 besøkande, seier Oddvar Vigdal ved Lustrabadet.

Vel innepåske

Ved Lustrabadet har dei ikkje tilgang til den fulle statistikken for påskeveka, men fortel om jamt god besøk heile påska.

– Her har det vore både lustringar og tilreisande frå heile Vestlandet og Austlandet. I år har besøket både vore høgare og jamnare enn tidlegare år.

I Trivselsbadet i Gloppen har det vore stengt sidan 4. januar på grunn av problem med fliser som losna i bassenga. Dagleg leiar, Øystein Sundal seier dei i påskedagane likevel har hatt mange innom som har nytta seg av klatreveggen og styrketreningsrommet.

Tener på dårleg vêr

I Høyanger har dei hatt tett opp mot 200 badegjester kvar dag gjennom påska, noko som er lang meir enn det som har vore vanlege tidlegare år.

– På grunn av dårleg vêr har vi hatt ein heil del besøkande, seier dagleg leiar Svein Erik Lillehauge.

– Så for den som driv badeanlegg så er ikkje dårleg påskevêr nødvendigvis eit minus?

– Nei, det er det vi treng for å få opp besøket. Til dårlegare vêr desto betre besøk, seier Lillehauge.