Hopp til innhold

Godt nøgd med NM-debut

I morgon debuterer Thomas i NM - nøyaktig 20 år etter at pappa tok sølv på same arena Thomas Mardal (16) frå Sandane er godt nøgd med sin NM-debut – sjølv om han ikkje tok seg vidare.

Thomas Mardal

NØGD: Thomas Mardal frå Sandane er godt nøgd med debuten sin i senior-NM. Biletet er frå ein tidlegare konkurranse i lengde.

Foto: Dag Eliassen

16-åringen frå Sandane debuterte laurdag i senior-NM. Det skjedde i Tønsberg der han stilte til start på 100 meter. Mardal sprang i det tredje kvalifiseringsheatet og sprang inn til tida 11.39.

Det heldt ikkje til å ta seg vidare, men Mardal ser ingen grunn til å vere misfornøgd av den grunn.

– Eg hang litt etter frå starten av, men så klarte eg å springe jamt med dei andre frå ca 60 meter og inn. Det er der eg brukar vere raskast, seier han til NRK.no.

Har fått meirsmak

Tida 11,39 er eit stykke bak hans eigen personlege rekord på 11,16.

– Men løpet i dag gjekk tidleg på morgonen, og det var litt motvind. Pluss at eg ikkje har fått trent like mykje som eg hadde håpa i år grunna ei lita skade i ryggen, seier han til NRK.no.

Likevel ser han ingen grunn til å deppe over dagens prestasjon. Å kvalifisere seg til semifinale og eventuelt ta seg vidare til finale var ikkje noko han hadde venta seg på førehand heller, seier han.

– Fekk du meirsmak av dette?

– Absolutt! Det er alltid kjekt å vere med på store meisterskap!

– Skremde det deg at det er så mange som er så mykje betre enn deg?

– Nei, det er mange som ligg på eit tidel betre, men allereie neste år håpar eg å klatre fleire plasseringar, seier han og seier han kjem til å satse på friidretten framover.

Til neste år håpar han at han skal stille til start også i lengde og kanskje også i diskos.

– Det er blant dei øvingane eg er best, seier han.

Førde-guten Jostein Joshua Fossøy var nokre hakk betre enn Mardal og tok seg vidare til semifinalen.