Hopp til innhold

Godt meisterskap for Mardal

Det vart ikkje medaljar på Thomas Mardal (19) frå Gloppen FIL under senior NM i friidrett i helga. Likevel meiner dagleg leiar Narve Heggheim i friidrettskrinsen at den unge kastaren leverte eit svært godt meisterskap. I favorittøvinga diskos fekk ikkje Mardal fullklaff, medan han i kule og slegge sette solide personar, seier Heggheim. – Han er byrja å nærme seg medaljar i eit senior-NM, og i hans alder er det veldig bra, seier Heggheim.

Thomas Mardal, her i øvinga kule under NM på Askøy
Foto: Nils Ove Roset