Hopp til innhold

Godt besøk på Gulatinget

Hittil i år har kring 14.000 personar besøkt tusenårsstaden på Gulatinget ved Eivindvik. Ordførar Hallvard Oppedal seier utfordringa er å få dagsbesøkande – som kjem med båt eller buss frå Bergen – å vere lenger i kommunen. Han håpar planane om eit visningssenter og eit nytt samarbeid med reiselivsnæringa i Bergen skal hjelpe til.

Fylkesting på Gulatinget
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK