NRK Meny
Normal

Godt arbeidsmiljø i Sogn barnevern

Arbeidet med å skape eit godt arbeidsmiljø i Sogn barnevern har lukkast. Det syner ei evaluering som Sogndal kommune har gjennomført.

Sogn barnevern

LÅGT SJUKEFRÅVÆR: Dei tilsette i Sogn barnevern har mindre sjukefråvær enn gjennomsnittet i Sogndal kommune.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sogn Barnevern har siste året fått hard kritikk frå fleire hald, mellom anna synte eit tilsyn Fylkesmannen gjennomførte at det var gjort fleire lovbrot. No er rådmann Jostein Aanestad i Sogndal glad for at dei tilsette i barnevernet trivst.

– Det har tidlegare vore ein uroleg situasjon i barnevernet. Eg er svært godt nøgd med at vi at vi no fekk tal som syner at sjukefråværet er lågt i 2017, at resultatet frå ei medarbeidarundersøking er svært godt, og at medarbeidarane stadfesta på møtet at dei no får konsentrert seg om faget sitt, og at dei har det bra på jobb.

Jostein Aanestad

– STOR UTSKIFTING: Rådmann Jostein Aanestad seier at dei som arbeider i Sogn barnevern no trivst godt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Lågt sjukefråvær

Det er Sogndal kommune som er vertskommune for det interkommunale barnevernet i Sogn. Ifylgje ei pressemelding frå kommunen har det vore jobba over tid med å få til eit godt arbeidsmiljø i etaten. Og tala som kjem fram i ei evaluering tyder på at dette har bore frukter.

  • Sogn barnevern scorar over landsgjennomsnittet på åtte av ti faktorar i medarbeidarkartlegginga
  • På ein skala frå ein til fem scorar Sogn barnevern over fire på alle ti faktorane
  • Sjukefråværet er lågt, i første kvartal på 3,8 prosent. I Sogndal kommune er det til samanlikning på seks prosent
  • På eit møte stadfestar dei tilsette høg grad av trivsel og godt samarbeid
  • Alle dei tilsette deltok på medarbeidarundersøkinga.
Sogn barnevern

OVER LANDSGJENNOMSNITTET: Evalueringa av Sogn barnevern tyder på at dei tilsette trivst godt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Gledeleg

Aanestad seier at arbeidet med å betre arbeidsmiljøet kom i gang fordi det for eit par år sidan kom fram at det var svært høgt sjukefråvær og mistrivsel i Sogn barnevern.

– Ein del av dei tilsette som var der då har valt å slutte, så det har vore ei stor utskifting i mannskapet. Vi har i tillegg hatt ei tett og god oppfølging med dei tilsette og deira tillitsvalde for å sikre at vi tek vare på det gode arbeidsmiljøet som vi har no.

Han vil fylgje barnevernstenesta tett og vil ha eit nytt evalueringsmøte mot slutten av året.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.