NRK Meny

Godt arbeidsmiljø i barnevernet

Arbeidsmiljøet i Sogn barnevern er bra. Det er konklusjonen til Arbeidstilsynet, skriv Sogn Avis. Den interkommunale barnevernstenesta i Sogn har tidlegare vore prega av konfliktar og påstandar om dårleg arbeidsmiljø. For tida er ein hemmelegstempla rapport om temaet til behandling i kontrollutvalet i kommunen. Men no slår i alle fall Arbeidstilsynet fast at både leiinga og dei tilsette arbeidsmiljøet har vore godt sidan sommaren 2016.