NRK Meny
Normal

Godt år for energiverk

Luster Energiverk fekk i fjor eit nesten tredobla driftsresultat samanlikna med 2012.

Luster energiverk - adm.

12 MILLIONAR I PLUSS: 2013 blei eit svært godt år for energiverket i Luster

Foto: Arild Nybø / NRK

– Dei gode resultata er i stor grad etterverknadar frå stormen Dagmar, seier everkssjef Anders Molland.

I fjor enda resultatet for energiverket på nær 12 millionar kroner. Det er spesielt innan nettdrifta dei har gjort det godt. Då Dagmar slo til i 2011 førte det til raude tal i rekneskapen.

– Det får vi igjen no to år seinare. Elles er det positive resultat på alle avdelingar så 2013 har vore eit godt år.

Utsiktene for 2014 er ikkje like gode. Dei gode inntektene som mange av kraftselskapa hadde i 2013 vil noko gå noko ned i år, trur Molland.

– Generelt så blir nok inntektene til kraftselskap noko lågare i år, og det vil nok gjelde oss også.

Luster Energi er eit lite selskap med 30 tilsette, men gjer det likevel godt.

– Vi har fleire bein å stå på. Vi har nettdrift, vi driv med installasjon og i tillegg er vi medeigar i ein del kraftverk og andre kraftselskap. Så totalt sett har vi klart oss godt til no.