Hopp til innhold

Godt 1. kvartal for metallverka til Hydro

Metallverket til Hydro i Årdal fekk eit overskot på 176 millionar kroner før skatt i 1. kvartal i 2015. I Høyanger gjekk Hydro med 50 millionar i overskot 1. kvartal.

Hydro Aluminium Årdal Metallverk

PENGEMASKIN IGJEN: Etter nokre magre år renn pengane inn i store mengder i aluminumverket i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Årdal er dei svært godt nøgde med eit resultat som er heile 186 millionar kroner betre enn i same kvartal i fjor, å selskapet leverte eit underskot på 10 millionar kroner. Då har selskapet også sett av 13 millionar kroner til pensjonsutgifter.

– Dette er eitt av dei beste resultata vi har hatt, og vi har med oss det gode resultatet frå 4. kvartal i 2014, seier fabrikksjef Egil Fredriksen.

Forklaringa på det gode resultatet ligg i ein kombinasjon av gode metallprisar og gode valutakursar.

Pengemaskina

– Elektrolysen som er pengemaskina vår har aldri gått så godt som no, seier Fredriksen.

Støyperiet ved Metallverket i Årdal har også vore gjennom ei stor omstilling.

Egil Fredriksen

GÅR MED OVERSKOT: Egil Fredriksen er fabrikksjef ved Hydro i Årdal.

Foto: Tony Hall / Hydro

– Sjølv om produksjonen har gått noko ned tener vi no meir pengar på det vi produserer.

På den gamle tradisjonelle marknaden blei metallverket i Årdal utkonkurrert på pris av kinesiske halvfabrikat og arabiske produsentar som har tatt mykje av den gamle marknaden.

– Vi var berre nøydde til å omstille oss, seier Fredriksen, som også ser svært lyst på utsiktene for 2. kvartal.

Overskot også i Høyanger

I Høyanger vart resultatet før renter og skatt 50 millionar kroner i pluss i 1. kvartal i 2015. Det er ei kraftig forbetring samanlikna med same kvartal i fjor, då resultatet var 1,4 millionar kroner.

Resultatet i 1. kvartal avspeglar god og effektiv drift, skriv verksemda i ei pressemelding.

Støyperiet i Høyanger er også i full gang med kvalifisering inn mot nye marknader og nye produkt, og dei innfører ny støypeteknologi.