Hopp til innhold

Godkjende fire av 22 russebilar

- Det var ikkje så veldig mange, vedgår inspektør Geir Hetle hos Statens vegvesen i Førde etter å ha gjeve berre fire av 22 kontrollerte russebilar «den grøne russeoblat».

Geir Hetle, Bodil Fauske, Elisabeth Bjørkhaug

NØGD: Inspektør hos Statens vegvesen, Geir Hetle, var nøgd med førsteinntrykket av russebilen til Bodil Fauske og Elisabeth Bjørkhaug.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Russetida er i full anmarsj og gamle russebilar treng ekstra stell for å bli godkjende til årets russefeiring.

Av dei 22 russebilane som så langt er kontrollerte, måtte 18 bilar rulle ut frå trafikkstasjonen i Førde utan godkjenninga. Berre feilfrie bilar får «det grøne russeoblat». Resten treng fleire reparasjonar.

- Men det må seiast at ein del av manglane ikkje var så veldig alvorlege. Vi legg verdiane på same standard som ved EU-kontrollar. Russebilane har ofte vore russebil fleire gonger og stått i ro i 11 av 12 månadar i året. Då forfell det ein del ting, fortel inspektør Geir Hetle og nemner fastrusta og skeive bremser, rust på bremserøyr og morkne bremseslangar som gjengangarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video Russebilar fell for kontroll

I DÅRLEG STAND: Berre fem av 37 kontrollerte russebilar i Sogn og Fjordane slapp gjennom nålauga.

- Viktig å kjenne seg trygg

Det er niande året at Statens vegvesen tilbyr gratis test av russebilane. Meininga er å unngå trafikkulukker som den i Våler i 2002 der fire ungdomar omkom og tre ungdomar vart alvorleg skadde då ein russebil køyrde av vegen.

Utrusta med russeoblatet vil ikkje russebilar normalt sett bli utsette for teknisk kontroll i mai månad, med mindre det er tydeleg at køyretyet er endra etter godkjenning.

Bodil Fauske og Elisabeth Bjørkhaug hos Hafstadrussen i Førde forsikrar at dei tenkjer tryggleik - og ikkje berre feiring.

- Det er veldig viktig. Vi skal køyre ganske lange avstander med bilen, og då er det viktig å vere trygg og å kjenne seg trygg når ein sit på, seier Bjørkhaug.

Fekk køyreforbod

Ifølgje Hetle har russebilar også fått bruksforbod. På den eine bilen heldt styringa på å falle av, medan den andre hadde ei heilt laus seterekkje.

Etter russesleppet onsdag, er det to trøytte jenter som viser fram Chevroleten sin for Hetle i Vegvesenet. Bilen kjøpte dei av ein kompis av kjærasten til ei av jentene på bilen. Dei har utbetra manglar som vart påpeika på ein tidlegare kontroll.

- No skal den vere i god stand. Vi er veldig nøgde, meiner Fauske om russebilen deira.

Geir Hetle

GODE DEKK: Hetle konstaterer at russebilen er utrusta med gode dekk.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Godt førsteinntrykk

Inspektør Hetle tykkjer også at førsteinntrykket av bilen er greitt.

- Det første eg legg merke når eg ser på bilen, er at det i alle fall er veldig gode dekk på bilen. Elles ser det veldig bra ut inni. Det er bilbelte på alle sitjeplassar, det er montert bord det går an å felle opp. Det er noko vi krev på dei bilar som har topunktsbelte bak, seier han og legg til:

- Vi har framleis bilar som er godkjende med topunktsbelte på midtplassane bak, og då kan ein ikkje ha noko bord framfor dei sitjeplassane. Det ville vere direkte farleg med tanke på samanstøyt.

- Bruk bilbelte

Inspektøren legg til at det ikkje berre er russebilane som må vere skikka når russen for alvor tek til på å feire siste året på vidaregåande skular.

- For sjåføren er det ein føresetnad å vere rusfri. Han må vere utkvilt og elles skikka til å føre køyretyet på ein sikker måte. For mange blir det ein større og tyngre bil enn ein vanlegvis køyrer. Difor er det viktig å ta seg god tid og lære bilen å kjenne i trafikken, seier han og legg til at bilbelte er den beste livsforsikringa ein kan ha.