Gode tips for juleposten

FØRDE (NRK): Her ser du 219 år med juleposterfaring. Dei fem postarbeidarane jobbar hardt for at du skal få posten i tide. Men skal du sende pakke no, byrjar det å haste.

Sjå postarbeidarane sortere juleposten

LEVER FOR Å LEVERE: Postarbeidarane er i innspurten til førjulstida, og har mykje å gjere.

Sorteringa går veldig bra, for eg har gjort dette så mange gongar. Men eg kjenner at eg byrjar å bli eldre, så det er litt meir travelt, fortel Marit Helgheim med 49 års erfaring i posten.

Blant posthyllene står det ein anna kvardagshelt som ikkje kastar inn handkledet med det første. Det einaste som kan stoppe Einar Gallefoss er spysjuka. Han har 40 i feber, men sorterar post som aldri før.

– Forma er ikkje noko særleg bra, men det er travelt no før jul, seier Gallefoss med ei ruskete røyst.

Det nærmar seg jul. Enorme mengder brev og pakkar skal fram til dei påskrivne adressene. På postkontoret i Førde jobbar flittige hender med å sortere brev i dei rette hyllene. Dagleg leiar Arne Røyrvik hadde allereie sortert over tusen brev då NRK møtte han om morgonen.

– Det ser ut til at folk er flinke til å skive riktig adresse, så her på huset er det ingen sure miner.

Med så mykje post i omløp i høgt tempo er det viktig at du som sender gjer alt riktig. Eit tal frå eller til kan avgjere om julegåva kjem fram til jul.

Pakkar i hyller

PÅ VEG TIL DI STOVE: Fleire hundre pakkar er innom postkontoret i Førde kvar dag,

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

–Om du skriv feil postnummer blir posten forsinka, det kan fort gå nokre dagar ekstra, åtvarar Røyrvik.

Her er gode tips for deg som skal sende

Bruk rett namn og adresse

  • Meir enn ti prosent av all post i Noreg er feiladressert. Delen aukar i jula på grunn av årleg gjenbruk av gamle adresselister.
  • Sjekk gateadresse og postnummer om du er i tvil. Hugs at mange kommunar har innført gateadresser den siste tida.
  • Feil adresse kan forsinke posten din; i verste fall finn ikkje Posten mottakar.

Pakk skikkeleg i ei god eske

  • God emballasje forhindrar at julepakkene fell ut på vegen. Posten handterer kvart år fleire hundre julepakker som er komme ut av emballasjen.
  • Legg ved ein privat adresselapp på avsendar og/eller mottakar også inni pakken, i tilfelle adressekortet fell bort.

Send juleposten i tide

  • Posten oppfordrar alle til å sende juleposten innan 16. desember.
  • Om du skal sende no, etter fristen, må du nytte ekspresspost-tilbodet.
  • Eigne fristar gjeld for julepost til utlandet. Desse finn du på posten sine nettstader.
  • Du bør rekne ekstra god tid til julepakkane. Postpakkar bruker lengre tid på å komme fram (2-5 vyrkedagar).

Pressesjef John Eckhoff i Posten seier at nøyaktig adresse er det aller viktigaste for å få juleposten raskt fram til riktig mottakar. Sjølv små feil kan gi forseinkingar.

– Husk at både namn, gateadresse, postnummer og post-stadnamn er viktig. I år har mange kommunar innført vegadresser, og desse må du bruke for at posten skal komme fram raskast mogleg. Ver derfor ekstra nøye på å sjekke om du har riktig og fullstendig adresse til venner og familie som skal få årets julekort, oppfordrar Eckhoff.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.