Normal

Gode tider for torskefiskarane

Prisen på torsk har gått rett til vers. Etter fleire magre år, ser no leiar Kåre Furnes i Sogn og Fjordane rederiforening lyst på framtida.

Torsk. Illustrasjon
Foto: Scanpix

- No bør vi få lov til å gjere det. Etter veldig mange dårlege år meiner vi tida er moden for ein prisoppgang i denne delen av næringa. vi har venta lenge på det, og det er enno langt att før vi kan friskmelde næringa heilt. Men vi har opplevd ei god betring i år, det er ikkje tvil om det.

 Det har vore mange magre år med til dels lite fisk og dårlege prisar, men no er det gode tider for fiskerinæringa.

Prisauke på 25%

I det siste har det vore ein auke i torskeprisane på kring 25%. Torsken går no for oppunder 35 kroner kiloen for høgast kvalitet og Furnes leverte sjølv ei last med filet i Ålesund i går til over 50 kroner kiloen. Årsaka til oppgangen er at europearane no vil ha meir torsk til middag.

- Slik vi har forstått det er det stor interesse for kvitfisk, og det var venta ein prisauke. Vi håpar dette vil halde seg, og det ser ut til å vere meir stabil etterspurnad enn det har vore på mange år. Vi håpar det stig endå meir, men ikkje for brått, det beste er ein jamn auke.

Håpar på betre rekruttering

Furnes seier det var på høg tid at reiarar og mannskap no tek til å tene pengar att, og at det igjen fører til  betre rekruttering i fiskeria.

Vegopning på Bergum i Førde kommune