NRK Meny
Normal

Gode tider for Havyard

Havyard Gruppen som eig verftet i Leirvik, hadde i fjor eit resultat på 10 millionar kroner før skatt.

Arbeidarar ved Havyard Leirvik
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det er verftsdirektør Torleif Mongstad svært nøgd med fordi kontraktane då var inngått i tider med svært små marginar.

 

Havyard har no ein historisk stor ordremasse på heile 12 skip, verdt 3 milliardar. Det betyr arbeid ut 2008, og betre resultat i 2006, seier Mongstad.

- Med den ordrereserven vi no har, så ventar vi ein auke, seier han.

Vil gje større forteneste

Men ordrar og oppdrag betyr ikkje alltid at verfta tenar pengar. I tronge tider har marginane vore svært små, men Mongstad seier tidene no er gode, og kontraktane som no er inngått vil gje større forteneste.

- Vi ser gode tider framover, men vi ser også faren for nedgangstider. Vi satsar difor på fleire bein å stå på, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.