Hopp til innhold

Gode tal for Høgskulen

Høgskulen i Sogn og Fjordane har sendt ut studietilbod til over 1350 studentar, ei auke på 10 prosent frå 2010. – Dette syner at me er populære, seier opptaksleiar Arnstein Menes.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

Fossbygget ved avdelinga i Sogndal. Snart skal enno eit storbygg til Høgskulen stå klart ved sidan av.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Måndag var årets fyrste inntak til høgskulane i landet klare, og Høgskulen i Sogn og Fjordane held fram den positive auken.

Populær skule

Auken frå 2008 er på heile 90 %.

– Dette syner at me har etablert oss på eit godt nivå, og at Høgskulen i Sogn og Fjordane er eit populært val for dei som ikkje ynskjer å studera i ein storby, seier ein nøgd Menes til NRK.

Studium som har hatt ei spesielt positiv utvikling er reiseliv og eigedomsmekling.
Reiseliv har ein auke på 78 prosent i tal på tilbod, medan eigedomsmekling har ei lang venteliste.

– Eg trur studentane føler at me kan tilby studium med god kvalitet, og so har både Sogndal og Førde eit godt studentmiljø som er godt tilrettelagt for dei som kjem hit, seier Menes.

Ein av vinnarane

Fleire studium har i år lengre venteliste enn tidlegare, og når ein ser på utviklinga dei siste tre åra, er det mykje som tyder på at stadig fleire ynskjer å studera i fylket.

– Per i dag har me om lag 650 personar på venteliste. På den populære idrettsutdanninga er det over 200 som står på venteliste, seier Menes.

Søknaden til høgare utdanning på landsplan har gått. er ein av vinnarane i konkurransen om nye studentar.