Hopp til innhold

Gode resultat for Norgesvinduet

Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid hadde eit årsresultat på over sju millionar kroner i fjor. Det er ei auke på nærare fem millionar frå året før.

Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid

AUKAR: Norgesvinduet Bjørlø på Nordfjordeid hadde ei auke på nærare fem millionar frå 2010.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Etter to utfordrande år, tener vindaugsprodusenten no gode pengar igjen.

Aukande aktivitet

Også aktiviteten er på veg oppover, frå ei omsetning på 138 millionar i 2009 til 170 millionar i fjor.

Det er administrerande direktør, Roald Starheim, godt nøgd.

– Vi er nøgd slik som det vart med finanskrise, og den situasjonen som er ute og har vore heime med mindre aktivitet i byggenæringa, seier Starheim.

– Nedgang i bustadbygginga

Om dei kjem til å halde fram med ei god utvikling er vanskeleg for Starheim å spå.

– Folk skal no ha bustader, det er vi vel einige om alle saman. Men så er det det å komme i gang med å byggje. Det er nedgang i bustadbygginga i år samanlikna med i fjor, grunna mangel på klare, ferdige prosjekt.