Hopp til innhold

Gode råd for å unngå noroviruset med spysjuke og diaré i jula

Mange ligg med omgangssjuke og diaré. Beste tips for å unngå sjuka er ikkje nytt.

Oppkast nå igjen

OPPKAST OG DIARÉ: Spriting av hendene er ikkje godt nok for å unngå å bli spysjuk i jula.

Foto: Colourbox

Mange er sjuke med både oppkast og diaré for tida. Og sjølv ikkje ein overlege i mikrobiologi unngår å bli sjuk.

– Det skjer ikkje så reint sjeldan at eg blir sjuk i jula. Det er jo tid for omgangssjuke i jula, seier overlegen i Helse Førde, Reidar Hjetland.

Reidar Hjetland

UNNGÅR IKKJE SJUKA: Overlege Reidar Hjetland seier det er vanskeleg å unngå å bli sjuk av noroviruset.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Kjem til fast tidspunkt

Kvart år rundt juletider kjem vintersjuka som råkar mage og tarmar. Vi får feber, diaré og oppkast når fleire virus slår seg saman.

– Det er norovirus som råkar oss. Det er ekstremt smittsamt. Det skal godt gjerast å unngå å bli smitta av viruset.

Sjølv med heftig vask med salmiakk og klorin, er det ikkje lett å unngå sjuka.

– På sjukehuset og sjukeheimar er vi vande til at viruset kjem inn også. Det viser seg at dersom er ein veldig nøye med å vaske grundig kan ein avgrense spreiing av viruset.

Barn sine beste tips

Barnehageborn ved Rones barnehage veit at spysjuke er ekle greier. Men dei meiner sjølv at ein del ting kan gjere dei fortare friske:

  • Ete chips
  • Drikke cola
  • Ta ein hovudpinetablett
  • Vaske hendene
  • Og borna minner om at det er lurt å spy opp i bøtta
  • Så hjelper det med godteri
Barn i Rones barnehage, Sogndal

HAR GODE RÅD: Born i Rones barnehage i Sogndal har gode råd til vaksne på kva dei blir betre av når dei er sjuke. Frå venstre: Jesper Aagard, Emil Hillestad, Vilja Navarsete Skjelesdal og Kamilla Kvam.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

God handvask er tingen

Overlegen trur ikkje alle råda frå barnehagen har like stor nytte.

– Eg veit ikkje med chips, men å drikke cola kan vere greitt med at ein får væske i seg. For det er noko av det viktigaste å passe på med denne sjuka at ein passar på å få i seg nok væske og hindrar uttørking, det gjeld spesielt ungane.

Hjetland har fleire gode råd til korleis unngå smitten.

– Å ha god handhygiene er viktig når det er snakk om spysjuke, diaré og avføring inneheld millionvis av slike virus som er ganske hardføre som overlever miljøet.

– Spesielt med oppkast så spreier det seg dropar rundt alle plassar og det er nesten ikkje til å unngå. Slik at handhygiene er kolossalt viktig. Så god handvask er det mest effektive.

Det er verd å merke seg at å sprite hendene er ikkje nok til å unngå å bli sjuk, meiner Hjetland.

– Nei det er ikkje nok. Det må hardare lut til. Det er klorin og salmiakk som er tingen for å vaske vekk. Men først og fremst god handvask før mat, med såpe og varmt vatn, seier han.

Ikkje kom på jobb før du er frisk

I tillegg rår Hjetland ein til å oppføre seg også slik at ein unngår vere i situasjonar der ein blir smitta. Men han understrekar at noroviruset i seg sjølv er sjeldan farleg.

– Det er veldig sjeldan. Både barn og vaksne vil takle dette heilt fint. Det går som regel over etter ein dag eller to. Det må vere dei som taper ekstra mykje væske eller som er sjuke av andre ting som kan gjere situasjonen alvorleg.

Mange lurer også på kor lenge dei er smittsame og om ein er det lenge før ein blir spysjuk.

– Ein er mest smittsam medan ein har symptoma som oppkast og diaré. Så er du litt smittsam i framkant og eit par dagar i etterkant. Så medan ein er sjuk bør ein halde seg heime frå jobb. Så ein bør vere frisk når ein går på jobb att.