Hopp til innhold

Gode prisar fører til kjempetal for lakseoppdrettarar

Oppdrettsselskapet Sulefisk i Solund hadde i fjor eit resultatet på nesten 70 millionar etter skatt. Det er 40 millionar betre enn året før.

Sulefisk AS

GODT ÅR: Høge lakseprisar gav knallår for oppdrettsselskapet Sulefisk AS i Solund.

Foto: Sulefisk AS

– Det går ganske bra i heile den norske laksenæringa. Store deler av resultatframgangen skuldast gode prisar på produkta våre i 2016, seier styreleiar Jan-Emil Johannessen.

Sulefisk er det første av dei store oppdrettsselskapa her i fylket som legg fram årsresultat.

– Vi har og hatt eit svært godt år med forholdsvis lite problem med lus og sjukdom, og vi har hatt god drift i selskapet gjennom heile året, seier Johannessen.

Vekst sidan starten

Selskapet har hatt ei veksande utvikling heilt sidan dei fekk den første konsesjonen i 1984. I dag har selskapet fem konsesjonar fordelt på fire aktive lokalitetar. Selskapet produserer i snitt 4 000 tonn laks i året.

Jan-Emil Johannessen, styreleiar i Sulefisk AS

TENER GODT PÅ OPPDRETT: Jan-Emil Johannessen er styreleiar for Sulefisk AS.

Foto: Privat

– Det er jo avgrensingar på kor mykje ein kan produsere på ein konsesjon. Men vi har og ein konsesjon som er i bruk til eit tare-prosjekt som vi er med i. Så vi har framleis potensial for å auke produksjonen vår noko på dei eksisterande lokalitetane, og vi har også søkt om ein ny konsesjon i Solund, seier Johannessen.

13 tilsette

Selskapet har i dag 13 tilsette, 12 menn og ei kvinne går det fram av årsmeldinga.

Nøkkeltal for Sulefisk AS

2016

2015

Inntekter

221 589 309

141 968 337

Driftsresultat

95 613 872

38 717267

Årsresultat

69 845 603

29 703 006

Eigenkapital

155 497 521

102 706 451

God start på 2017

– Prisane er framleis gode. Sjølv om prisane har gått noko ned sidan toppnivået som vi såg kring juletider i fjor, så er prisane framleis høge, og høgare enn på same tid i fjor, seier Johannessen.

Han trur dermed at også 2017 kan bli eit godt år for oppdrettsselskapet.

– Men om det vert like godt som fjoråret er litt tidleg å seie, det er avhengig av prisane vi får i haust, seier Johannessen.