Hopp til innhold

Gode plasseringar i handbak-EM

Jølster Handbakklubb fekk fleire sterke plasseringar under VM i handbak i Kuala Lumpur Malaysia i helga. Tre av utøvarane kom blant topp 10. Markus Hermansen blei nummer 6 med venstre handa og tok 8.-plassen med høgre i klassen junior 21 år. Jørn Kjelsnes Frivik tok 4.-plassen i venstre handikap -80 kg og Jan Erik Sunde blei nummer fem i venstre og nummer 7 i høgre, klasse master -70 kg. Ottar Berg fekk ein 15.-plass med høgre handa og 17.-plass i klassen for venstre. Han stilte i master kl. -100 kg. Totalt 900 utøvarar frå 52 land konkurrerte under verdsmeisterskapen.

Ottar Berg, Markus Hermansen, Jørn Kjelsnes Frivik og Jan Erik Sunde
Foto: Privat