– Etter litt dårlege tilhøve ved første slåtten, har bøndene fått verkeleg gode grasavlingar i andreslåtten, både når det gjeld mengd og kvalitet.
Det seier leiar i Nordfjord Forsøksring, Dag Arne Eide.
Dette betyr at dei aller fleste bøndene slepp å kjøpe fôr utanfrå. Samstundes er andreslåtten så næringsrik at mange kan bruke mindre kraftfôr.