Hopp til innhold

Mattilsynet meiner pelsdyra i Sogn og Fjordane ikkje lir

Få pelsdyr i Sogn og Fjordane lever under dårlege forhold der regelverket blir brote. Dette går fram av nærare 40 tilsyn utført av Mattilsynet i 2013 og i fjor.

pelsdyr

LIR IKKJE: Pelsdyra i Sogn og Fjordane har det stort bra, meiner Anders Hilde i Mattilsynet.

Foto: NRK

I byrjinga av desember i fjor sende NRK Brennpunkt ein dokumentar som avdekte svært kritikkverdige forhold ved ulike norske pelsdyroppdrettar. Sterkt skada og lidande dyr og bruk av smertefulle reiskapar under inseminering, var noko av det vi fekk sjå.

Følgjer stort sett reglane

Slik er ikkje den generelle situasjonen for pelsdyra i Sogn og Fjordane. Dette går fram av 39 ulike tilsynsrapportar frå 2013 og i fjor som NRK har hatt innsyn i.

– Eg har inntrykk av at pelsdyrbøndene følgjer regelverket så godt dei klarer og vi har dei siste åra funne veldig få alvorlege avvik. Det er få pelsdyr som lir, seier Anders Hilde, veterinær og seniorinspektør i Mattilsynet.

Meiner bøndene ikkje kan lastast

På same tid som Hilde slår fast at pelsdyra i fylket stort sett har det bra, blir det ved to inspeksjonar frå juli 2013 avdekt til dels svært kritikkverdige forhold. Her vart det funne mange dyr med sår og bitskadar.

Dette er derimot enkelttilfelle som skuldast dårleg fôrkvalitet frå ein ekstern produsent som pelsdyrbøndene ikkje kan lastast for, hevdar den erfarne veterinæren og seniorinspektøren i Mattilsynet.

– Så snart dei fann ut kva som var årsaka til at dyra vart urolege, var dei raskt ute for å rette opp feila. Dyra med mindre skader vart behandla og dyra med meir alvorlege bitskadar vart rakst avliva, seier Hilde.

Siri Martinsen i NOAH.

PROVOSERT: Siri Martinsen i NOHA meiner det er uhøyrd å hevde at pelsdyr i bur har det bra.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

NOHA kritisk

Siri Martinsen, leiar i dyrevernorganisasjonen NOHA, stiller seg uforståande til Anders Hilde sine utsegner om at få pelsdyrs lir.

Det er uhøyrd å hevde at pelsdyr i bur har det bra

Siri Martinsen

– Mattilsynet snakkar mot betre vitande når dei seier at få dyr lir. Sjølv om ein følgjer regelverket, er det ikkje slik at pelsdyra har det bra. Når til dømes Veterinærforeininga vil avvikle pelsdyrnæringa, er det fordi reglane i seg sjølv ikkje tilfredsstiller dyra sine behov. Pelsdyr innesperra i små bur kan ikkje ha det bra, seier ho.

Glad pelsdyrleiar

Håkon Lundestad, leiar i pelsdyralslaget i Sogn og Fjordane, er på si side glad for at Mattilsynet slår fast at situasjonen på pelsdyrgardane i fylket stort sett er god.

– Ja, eg meiner dei aller fleste pelsdyr har det bra i Sogn og Fjordane. Eg er glad for at Mattilsynet sine rapportar slår dette fast, seier han.

 

Håkon Lundestad

LETTA: Håkon Lundestad er glad for Mattilsynet sine rapportar som viser at få pelsdyr i fylket lir.

Foto: privat