NRK Meny
Normal

No aukar interessa for bokbåten

Bokbåten «Epos» er ferdig med haustturen sin i fjordfylket, og besøkstala var gode.

Ingrid Dræge

SKAPAR LESELYST: Ingrid Dræge meiner bokbåten fremjar folk si interesse for bøker.

Foto: Olga Wergeland / NRK

– Framtida er usikker, men interessa for bokbåten er der, seier spesialbibliotekar ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Ingrid Dræge.

På 17 dagar var bokbåten innom 39 plassar, til glede for 1110 store og små leselystne.

Bokbåten er ute på to rundreiser i året, ei om våren og ei om hausten. Det totale besøkstalet for Sogn og Fjordane i år er 2244 personar. I fjor var 1979 personar innom. Det er altså ei auke i besøkstalet på oppimot 300 personar.

– Oppmøte og utlån er omtrent som det alltid har vore, men me er glade for den vesle auka, seier Dræge.

Løyving og evaluering

Nils Gjerland

FAKTA PÅ BORDET: Nils Gjerland seier besøkstalet skal takast med i evalueringa.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Bokbåten er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland fylkeskommunar. Det er stadig debatt om båten skal få fortsetje.

I fjor haust vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane ei ekstraløyving til bokbåten som skal vare i 3 år. I løpet av 2012 skal ordninga evaluerast.

Leiar i hovudutvalet for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Nils Gjerland, seier dei må få alle fakta på bordet når dei skal gå gjennom om bokbåten skal vidareførast.

– Besøkstalet er eit viktig moment og me skal sjølvsagt ta det med i vurderinga. Viss tenesta skal fortsetje er det ein føresetnad at den blir brukt, seier han.

Også for vaksne

I 2010 vart det lånt ut 13 500 bøker. Talet for i år er enno ikkje klart.

Bibliotekaren meiner bokbåten må få bli.

– Bokbåten verkar lesefremjande fordi den byr bøkene oppi hendene på folk og dei får lyst til å lese. I tillegg har me eit populært kulturprogram for ungar, seier Dræge.

Men bokbåten er til også for dei store. I år var det 913 vaksne innom.

– Me merkar at folk har lyst til å ha bokbåten, avsluttar Dræge.

Bokbåten Epos.

AKTIVITET: Store og små er innom bokbåten når den legg til kai.

Foto: Hans Jakob Reite/NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå