Hopp til innhold

No strøymer turistane til breen

Jostedalen breførarlag har hatt ein svært god sesong så langt. Trass i dystre spådommar for reiselivet, går det så det susar i Jostedalen.

Steinar Bruheim

FOLKSOMT: Steinar Bruheim i Jostedalen breførarlag fortel om sterk trafikk på breen.

Foto: Jostedalen Breførarlag

– Vi har hatt ein god sesong når det gjeld føringsturar på Nigardsbreen, utan at eg har eksakte tal framfor meg. Dei signala som har komme om at det blir kriseår i norsk reiseliv i sommar, har iallfall ikkje slege til her i Jostedalen, seier dagleg leiar i Jostedalen breførarlag, Steinar Bruheim.

Han har heller ikkje inntrykk av at dei andre reiselivsbedriftene i Jostedalen har merka noko krise.

– Eg har inntrykk av at dei har hatt ein god sesong med stor trafikk, seier Bruheim.

  • LES OGSÅ:

Fleire amerikanarar vil på tur

Han har drive med breføring i meir enn 25 år, og føler han har godt grunnlag til å samanlikne dette året med andre år.

– Det vi ser i sommar er at det er fleire grupper som vi har med på tur i blåisen på Nigardsbreen. Vi har også hatt meir folk frå USA denne sesongen, samt russarar. Vi har også hatt fleire grupper frå Israel, så det verkar som om turoperatørane har fått auga opp for Nigardsbreen, seier Bruheim.

Om dette vert eitt av dei beste åra han har opplevd i si tid med breføring, er det for tidleg å seie noko om.

– Vi har sesong til 17. september, så det er lenge att. Men held utviklinga fram, så ser det lovande ut, og då går vi ein god sesong i møte. Vi har iallfall all grunn til å vere nøgde så langt, seier Bruheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nigardsbreen med kajakkar

HIT VIL DEI: Turistane har ikkje late seg skremme frå Jostedalen. Både breturar og andre frilufts

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Opplevde nedgang i fjor

I fjor opplevde breførarlaget nedgang i høve til tidlegare år, noko som også skuldast dårleg sommarvêr.

Han trur den lette tilgangen til Nigardsbreen er ein av grunnane til at mange tek turen dit.

– Nigardsbreen er den lettast tilgjengelege brearmen på heile Jostedalsbreen. Du kan nesten seie i heile landet. Du kan køyre eit godt stykkje inn over dalen, ta båten over Nigardsbrevatnet, og så er det berre ein knapp halvtime før du er oppe på kanten av breen, seier Bruheim.

Han legg til at besøkstala også er eit resultat av mange år med medvite marknadsføring, at ein har informert og marknadsført dei aktivitetane vi har i heile Jostedalen, slik som rafting og kajakkpadling, mellom anna.

– Dei signala eg har fått frå dei som driv med naturbaserte aktivitetar, er at dei har hatt ein god sesong. Det verkar som om folk blir meir og meir interessert i å vere aktive og ute på tur når dei kjem til Jostedalen, seier Bruheim.

(Artikkelen held fram under videoen)

Me startar i fjellet, der stadig fleire oppsøkjer Store Skagastølstind.
Ein må klatra for å nå toppen og no åtvarar fjellførarar mot å prøva på det utan å vite nøyaktig kor ein skal gå.
I går omkom ein 40 år gammal mann på veg ned frå Store Skagastølstind.

YRANDE LIV: Det er ikkje berre til breane, turistane strøymer. Også på meir ekstreme turar, som den til Store Skagastølstind i Hurrungane, er det folksomt.

Færre vil på brekurs

Jostedalen breførarlag held også brekurs.

– Interessa for dei kursa har nok gått litt nedover dei siste åra. Det er mindre interesse for å lære seg å gå på breen, men større interesse for å kjøpe seg ei føringsteneste for å komme seg på breen, seier Bruheim.

Han legg til at breane også har fått meir mediemerksemd dei siste åra, grunna klimaendringane. Fleire av breane i Norge har gått kraftig tilbake, medan nokon har auka noko.

– Det kan vere ein av årsakene til at nokon ønskjer å sjå breane før dei forsvinn for godt, seier Bruheim.