Hopp til innhold

Den aller minste staden skuffa ikkje

Skjerjehamn (NRK): Store folkemengder hadde møtt fram då Sommarbåten kom til den aller minste staden på ruta si, nemleg Skjerjehamn i Gulen.

Sommerbåten i Skjerjehamn
Foto: Gøril Sætre / NRK

Skjerjehamn vart siste stopp på Sommarbåten si ferd gjennom Sogn og Fjordane. I dag set «MS Sjøkurs» kursen sørover på reisa mot Oslo.

Det vart eit vakkert punktum for reisa då bygdefolket tok i mot Sommeråpent til den direktesende sendinga. I flott sommarvêr møtte mykje folk opp, og det var svært mange småbåtar som hadde teke turen for å følgje Sommarbåten og sendinga.

Dette er den minste staden Sommarbåten er innom i år, og det var knytt stor spenning til korleis det skulle gå når den store båten skulle leggje til ved flytebrygga utanfor sjøhuset.

Til alt hell kom båten seg på plass og det vart ei stemningsrik direktesending med gjestar som Ari Behn og Ola Braanaas.

Her kan du følgje Sommarbåten minutt for minutt:

Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager

Her kan du sjå Sommeråpent frå Skjerjehamn:

Direkte. Sommeråpent inviterer til feriehygge med gode historier, spennende gjester og fin musikk. I kveld retter hele Norge blikket mot Skjerjehamn, hvor Sommerbåten ligger til kai. Programledere er Atle Bjurstrøm og Ida Nysæter Rasch. (20:41)

Her kan du lese alt om Sommarbåten og sjå kvar den er til ei kvar tid.