NRK Meny
Normal

Gløtt av sol og god stemning – sjå bileta frå Utkant

Den etterlengta sola viste seg for festivaldeltakarane under årets Utkantfestival. Nokre drista seg til eit friskt bad.

Gå til forsiden

Utkant 2016

Utkant

Utkant 2016

14 bilder

    – Kvelden i går var heilt fantastisk kjekk, seier festivaldeltakar Anders Langeland.

    Saman med ein heil gjeng frå Svelgen tok dei turen til årets Utkant. Yst i havgapet kunne dei nyte laurdagen i litt solskinn på båtdekket. Då sola først gløtta fram var glisa store og solbrillene kom straks på.

    – Grunnlaget for kvelden la vi tidleg på dagen med solsteik, gliser Langeland.

    Båtane ligg tett i tett ved Skjerjehamn under festivalen, og stemninga er heilt unik, meiner Langeland og resten av gjengen.

    – Vi hadde ein dyktig musikar som leverte musikk framme på båtdekket. Stemninga i hamna er noko som ein berre får på Utkant.

    Utaknt

    FANTASTISK KJEKT: Gjengen frå Svelgen starta dagen med solskinn på dekk og trubadur, før konsertane på kvelden.

    Foto: Jostein Vedvik

    Musikalske høgdepunkt

    Seinare på kvelden kunne publikum glede seg over musikken til blant andre Odd Nordstoga, Daniel Kvammen og svenske Veronica Maggio. Langeland var klar på kven som imponerte han mest under konsertane.

    – Høgdepunktet var nok Kvammen og Maggio.

    Festivalsjef Viggo Randal var nøgd med musikken, og meinte dei kunne by på eit variert program der det skulle vere noko for ein kvar smak.

    – Den var som alltid perfekt. Fin stemning og band som leverte ganske godt.

    Tung start på festivalen

    Utkantfestivalen fekk ein tung start på fredag etter at ein mann omkom etter ei båtulukke i samband med festivalen.

    – Ei sånn hending sat sitt preg på oss i festivalleiinga og råka mange av oss personleg. Festivalen har vore annleis enn kva den plar, seier Randal.

    Randal anslår at det var mellom 10 000 til 12 000 innom Utkant, men trur det kunne kome fleire om vêret hadde vore betre.

    – Publikum har stilt opp trass i tidvis grufullt vêr. Det hadde kome eit par hundre til om vêret hadde vore betre, men vi er nøgd.

    Her kan du sjå bileta frå fredagen:

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.