God smak frå Feios og Fjaler

Yoghurtis Feios og hjort frå Fjaler fekk heiderleg omtale i konkurransen Jakten på smaken av Norge.

Guus Morel og Laurin Geerse frå Hylland gardsprodukter og Bjarte Midtbø frå Kystvilt.
Foto: Det norske måltid

Sjølv om ingen frå Sogn og Fjordane vann konkurransen om Noregs beste matprodukt, fall produkta frå Helland Gardsprodukter og Kystvilt i smak.

Molte- og appelsinyoghurtisen frå Alm Gard i Feios, og flatbiffen av villhjort frå Furset i Ytre Fjaler fekk god omtale av juryen i prosjektet Det norske måltid.

Leiar av juryen var tidlegare vinnar av VM i kokkekunst, Bent Stiansen.