Av Knut Grinde
Her er resultata frå dei beste frå fylket laurdag og søndag.
Feltskyting 4. klasse (810 påmelde)
- Hilde Haarstad, Gaular 29/18 treff/innertreff - vart nr 20 totalt i 4. klasse
- Jostein Odd, Leikanger 29/16
- Arild Straume, Hyen 29/15
- Rune Vikersveen, Knipenborg 29/13
- Anders Nydal, Holsen 28/16
- Odd Arne Langedal, Florø 28/15
- Anders Hersvik, Solund 28/14
- Finn Hoem, Stryn 28/12
- Geir Lasse Espe, Haugen 28/ 9
Felthurtig
Her skal dei frå ståande stilling, kaste seg ned og treffe tre figurar på ulike avstandar og i ulik vinkel.
- Kjell Næss, Leikanger, er førebels raskaste skyttar frå fylket med 9.70 sekund (vart nr 7 i 4. klasse).
- Arild Straume, Hyen, har 10.19 sekund og Tom Johansen, Førde, 11.14 sekund.
Stang-skyting (har namnet sitt etter oberst Georg Stang)
Her skal det skytast flest mogleg treff på to gonger 25 sekund på figurar på to ulike avstandar.
Geir Lasse Espe, Haugen var største favoritten. Med 22 treff vart han best frå fylket, og nr. 8 i 4. klasse, men det blir nok ikkje finale på han denne gongen. Broren Bjørn Inge Espe er så langt nest best frå fylket med 20 treff.
Felt veteran 65 år (284 påmelde)
- Magnar Molland, Sogndal 30 treff
- Ludvig Indrebø, Farnes 29
- Reidar Øren, Eikefjord 29
Bane Veteran 73 år (187 påmelde)
- Ståle Loftheim, Holsen 249 poeng
- Tor Zachariassen, Ålfoten 249
- Ragnar Husabø, Leikanger 245
- Frits Norevik, Vadheim 242
Bane Eldre rekrutt (467 påmelde)
- Lars Haugnes, Florø 250 poeng
- Ole Martin Erdal, Førde 250
- Lasse Hylland, Aurland 250
- Joakim Haugland, Haugen 250
- Kjetil Bøe Bjørgum, Aurland 249
- Jan Ove Wedvik, Eidsbygda 249
- Jan Roger Hoff, Viksdalen 249
Eit "online" meisterskap
Aldri tidlegare har direktesending frå landsskyttarstemnet hatt eit slikt omfang. Med ein stab på åtte mann, fem TV-kamera pluss storskjerm skal det bli over 100 timar med direktesendt web-tv denne veka. Dette gjer landsskyttarstemna til det mest høgteknologiske idrettsarrangementet her i landet. Og neste år vil dette føregå frå Førde.