Vi er tilbake på dei tradisjonelle marknadene i Holland og Tyskland med småfilet, samtidig som det opnar seg nye marknader austover når det gjeld større sild, seier han.
Tidleg sesong
Sildetilgangen har ikkje vore så god på 10 - 15 år. Både fiskebedriftene Coast Seafood, Domstein, Emy fish og Brødrene Myhre melder om god tilgang på nordsjøsild.
Driftsleiar i Domstein Kalvåg, Per Røys, meiner reguleringar og nedskjeringa på kvota for nokre år tilbake er årsaka til at det går så bra no. - Sesongen starta tidleg, allereie 11. mai, og det ser også bra ut for juli, seier Røys.
Meir enn planlagd
Planen var at litt i overkant av 40 personar skulle jobba i bedrifta i sommar, men talet er blitt høgre etter at sildefisket tok til. Dei har skuleelevar og lokal arbeidskraft som kjem inn og jobbar ekstra når det trengs, så dei har ikkje tilsett nokon ekstra.