Hopp til innhold

God respons på helseundersøking

Torsdag vart første del av helseundersøkinga etter Sløvåg-ulukka avslutta.

Eksplosjon i Sløvåg

Første del av helseundersøkinga etter tankeksplosjon i Sløvåg er ferdig.

Foto: at Asbjørn Refsdal

Om lag 700 personar frå Gulen og Masfjorden har vore med i undersøkinga. Det utgjer ein svarprosent på om lag 70 prosent.

- Nøgde

Ifølgje prosjektleiar, Bjørg Eli Hollund i Helse Bergen, seier det mykje om uroa innbyggjarane har følt på etter tankeksplosjonen i Sløvåg 24. mai 2007.

- Vi er veldig godt nøgde med svarprosenten. Det beste er at også dei som bur i periferien har svart, ikkje berre dei som har budd midt i det. På denne måten har vi også ei veldig god kontrollgruppe, seier Hollund.

Mange vart råka

Målet med helseundersøkinga er å finne ut om tankeksplosjonen i 2007 har hatt langtidseffektar på helsa til innbyggjarane.

To tankar på anlegget til dåverande eigar Vest Tank eksploderte og ei kvalmande lukt spreidde seg over bygda. Etter ulukka overtok Alexela Sløvåg anlegget.

Eitt år etter ulukka sleit framleis mange av dei som vart sjuke etter ulukka med hovudpine og kvalme. Ei fleirårig helseundersøking er sett i gang , og første del vart altså avslutta torsdag.

- Heile kommunen har opplevd dette som skremmande, og dei har hatt eit ynskje om å få belyse saka, seier Hollund.

- Viktig for oss

Og Gjermund Halsvik som representerer innbyggjarane i Sløvåg seier undersøkinga er viktig.

Gjermund Halsvik, beboer i Gulen.

Innbyggjar Gjermund Halsvik er glad så mange har delteke i undersøkinga.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

- Det er snakk om nærmiljøet vårt og det er viktig for oss å finne ut kva som har gått føre seg og kva konsekvensane kan bli, seier Halsvik.

Han håpar det som skal fram, kjem fram, men kryssar samstundes fingrane for at innbyggjarane ikkje treng å uroe seg for framtida.

- Det viktigaste er å få klarlagt om vi har noko å frykte i høve til langvarige skader eller ikkje. Men alle håpar på det beste, seier Halsvik.

Tilbakmeldinga vert ei utfordring

Ei av utfordringane etter undersøkinga blir ifølgje prosjektleiar Bjørg Eli Hollund å formidle funna tilbake til innbyggjarane.

- Skulle vi finne ut at det ikkje er så farleg som ein kunne tru, vil det vere ei utfordring å kommunisere det til innbyggjarane slik at dei kan tru på det, seier Hollund.