Hopp til innhold

God innsats i EM

Jølster handbakklubb hevda seg godt i EM i handbak i Hellas i helga, og leverte sterke resultat. Ottar Berg var svært nær bronse i høgre hand, men enda på ein 4. plass på både venstre og høgre hand i 100 kg i grandmasterklassa. Jan-Erik Sunde tok 7. plass med venstrehanda og 10. plass med høgrehanda i 70 kg masterklasse. Jølstringane hadde mange jamne kampar. 29 land deltok i handbak-EM.

Ottar Berg og Jan Erik Sunde
Foto: Jølster handbakklubb