NRK Meny
Normal

God honninghaust trass dårleg sommarvêr

GLOPPEN (NRK): Birøktarane måtte i sommar fôre biene for å halde dei i live.

God honninghaust trass dårleg sommarvêr

LANG ERFARING: Johannes Nedrebø har drive med birøkt i 30 år.

– Birøkt er vêravhengig. Mykje meir enn mange trur, seier Johannes Nedrebø, leiar i Fjordane birøktarlag.

Han har halde på med birøkt i 30 år, og seier sesongen i år har vore bra trass ein sein start.

Kald vår

– Forsommaren i år var kald. På den tida der biene skal hente inn honning frå løvetann og bringebær kunne dei ikkje vere ute fordi vêret var så dårleg.

Difor måtte han i sommar fôre biene med sukker for at dei ikkje skulle døy.

– Det er ikkje vanleg å gjere midt på sommaren, fortel Nedrebø. Når temperaturen er låg går dette også utover utviklinga i kuba.

Biene formeirar seg ikkje, og ein svak kube med få bier samlar inn lite honning, forklarer birøktaren.

Johannes Nedrebø Andenes sjekkar bikubane

SJEKKAR KUBANE: Birøktar Johannes Nedrebø sjekkar bikubane som no har fått sukkervatn for å klare seg utover hausten og vinteren.

God seinsommar

Likevel øydela ikkje det kalde vêret på vårparten for heile sesongen. For då lyngen blomstra mot slutten av sommaren, var nemleg biene flittige.

– Når vêret er godt, temperaturen er bra, og det finst planter biene kan samle inn honning frå, kan dei klare å hauste 4-5 kilo per kube på ein dag, seier han. Og sjølv om finvêret kom seint, blei den totale mengda innhausta honning god.

– Dette er eit normalt år for oss, det er ikkje noko toppår på noko vis, men resultatet er bra, seier Nedrebø.

Johannes Nedrebø Andenes slynger honning

SLYNGER HONNING: Trass i den kalde forsommaren er honningresultatet bra, seier Johannes Nedrebø.

Foto: Eise Sundfør Erdal / NRK

Dårleg elles i landet

At honningresultatet i Sogn og Fjordane blir bra trass det dårlege vêret er nok heller unntaket enn regelen.

Det seier seniorrådgjevar i Norges Birøkterlag, Eli Åsen.

– Me har ikkje fått inn statistikk frå lokallaga enno, så det er litt tidleg å konkludere, men inntrykket mitt så langt er at dette har vore ein dårlegare sommar enn normalt for birøktarar i resten av landet.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.