NRK Meny
Normal

God grasavling trass i kaldt og dårleg vêr

NAUSTDAL (NRK): Grasavlinga i fylket er både større og av betre kvalitet enn ved eit normalår. Dette trass i ein kald og våt vår og forsommar.

Tore Arne Herstad

MANGE RUNDBALLAR: Tor Arne Herstad står ved eit «berg» av rundballar ved samdriftsfjøsen i Åsedalen i Naustdal. Tune Samdrift har slått 900 rundballar i år, noko som er 100 fleire enn ved eit normalår.

Foto: Bård Siem / NRK

Tor Arne Herstad inspiserer det store berget av rundballar som ligg stabla fire i høgda like ved Tune samdrift i Åsedalen Naustdal. Herstad, som også er lokallagsleiar i Bondelaget, fortel om ein svært god førsteslått.

– Ja, det har vore veldig bra i år. Vi har slått om lag 900 rundballar, noko som er 100 fleire enn ved eit normalår. Også kvaliteten er god, seier han.

Grasavling

Gardbrukarane i Tune samdrift i Naustdal har lagra 300 rundballar ved fjøsen. Ytterlegare 600 rundballar er lagra andre stader.

Foto: Bård Siem / NRK

God kvalitet

Arve Arstein

Arve Arstein i Norsk Landbruksrådgjeving fortel om gode grasavlingar av høg kvalitet i år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Arve Arstein, rådgjevar i Norsk landbruksrådgjeving, stadfestar at det har vore ein god førsteslått i Sogn og Fjordane.

– Graset likar seg veldig godt under passelege temperaturforhold, ikkje for varmt og ikkje for kaldt. Det har vore veldig vått i år, men sidan graset har fått ekstra tid før det vart slått, retta det seg med tida, seier han.

– Kva med kvaliteten på graset?

– Prognosane våre tilseier at dei som starta slåtten då dei burde, har fått veldig bra kvalitet i år. Dei siste som haustar no, har likevel fått inn noko for som har vore av for dårleg kvalitet, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast