Hopp til innhold

Valdssakene halvert etter «Prosjekt gullfugl»

Dop og narkotikaopprullinga «Prosjekt gullfugl» i 2008 får æra for ei halvering i tal valdssaker i Førde.

Jan Egil Tvinde og Bjarte Hauge

FORBETRING: Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde (t.v.) meiner å sjå klar samanheng mellom «Prosjekt gullfugl» i 2008 og nedgongen i tal valdssaker i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet fann narkotika og dopingmiddel til ein gateverdi på 55 millionar kroner. I alt 63 personar vart arresterte i saka som involverte 16 politidistrikt.

Bakgrunnen for aksjonen var stadig fleire valdsepisodar i Førde. Opprullinga avdekka eit langt større problem, enn det politiet var klar over.

– No meiner vi å sjå etterverknadene, at den har gjeve stort utslag i nedgang på tal valdssaker i alle fall her i Førde. Talet vart halvert i fjor, og i 2011 ligg vi likt med tala frå 2010, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Merkar nedgang

Opprullinga starta etter at politiet såg meir aggressivitet og stadig fleire valdshandlingar i sunnfjordbyen. Dette, samt fleire innleggingar ved psykiatrisk klinikk, meinte politiet å sjå i samband med misbruk av dopingmiddel.

Også Bjarte Hauge, som i ei årrekkje har engasjert seg for å bevisstgjere folk om problemstillingar knytt til dopingbruk, meiner å sjå betring.

– No finnast det ikkje tal, men eg tykkjer å merke at innsatsen frå antidoping og politiet på å rulle vekk bakmenn, så har bruken gått nedover, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video DOPING-POL-220310-SF1840MPEG-4_SF.mp4

SJÅ TV-SAK: Dopingsaka vart meir omfattande enn det politiet hadde rekna med.

Blir øydelagde

Hauge er rådgjevar i konfliktrådet og medeigar i treningssenteret Sunnfjord Gym i Førde.

Han har sett folk søkje etter muskuløse kroppar, berre for å bli psykisk øydelagde av å bruke dopingmiddel. Både menn og kvinner dopar seg.

– Ein del av dei slit massivt med psykiske plager og ryggplager. Først og fremst er det muskulaturen som blir sterkare. Sener og bein utviklar seg ikkje i same tempo, slik at du eigentleg løftar meir enn det kroppen toler, seier han.

Russisk rulett

Både Hauge og Tvinde er klar på seljarane er lite flinke til å presentere negative følgjer ved dopingbruk.

– Det hjelp ikkje med stor biceps, når psyken ikkje er på plass, seier Hauge.

– I tillegg er det stort sett svartebørs, så ein veit ikkje kva ein kjøper. Ein risikerer å få med seg smittestoff. Eg vil kalle det russisk rulett å få i seg stoff ein ikkje veit kva er, held han fram.

Arrangerer seminar

Torsdag arrangerer difor Politiet i Førde, Konfliktrådet i Sogn og Fjordane og Stiftinga Antidoping Norge for sjette gang seminar om doping- og narkotikabruk i Førde. Føremålet er å presentere dei alvorlege negative sidene.

Trass suksessen med Prosjekt Gullfugl, meiner Tvinde det er viktig å ikkje kvile på lauvbæra. Hauge er samd i at doping og narkotikabruk er eit område det må jobbast kontinuerleg med.

– Det veks stadig til folk, og det verkar som om ein del av dei som sel fortel kor bra ting er. Skadeverknader og biverknader nemner dei ikkje, seier han.