Hopp til innhold

Gløymer krigen når ho syng

– Eg vil gjere folk glade med songen min. Det var ein lang periode der eg ikkje såg glade folk, fortel Djilin Ali (16).

Djilin Ali på UKM i Førdehuset 2015

PÅ TRYGG GRUNN: Djilin Ali flykta frå krigen i Syria. I helga stod ho på scena under fylkesmønstringa i UKM Sogn og Fjordane.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Ho er kurdisk syrar, og kom til Noreg frå Aleppo for to år sidan. Først til Stavanger på mottak, og så til Leikanger, der familien vart busett.

Starta tidleg

Ali kjem frå ein musikalsk familie, og sjølv om ho har sunge heile livet var det først i 3. klasse ho fekk kjensla av at ho hadde eit talent.

– Musikklæraren min spurte om eg ville synge framfor skulen. Det gjorde eg, og reaksjonane gjorde meg veldig overraska. Eg fekk svært mange gode tilbakemeldingar, og bestemte meg for å satse på song.

(Artikkelen held fram under videoen.)

UKM Sogn og Fjordane

SJÅ VIDEO: Djilin Ali opptrer på UKM i Førdehuset.

Har byta arabisk song med Rihanna

Den gongen var det ein arabisk song. I dag er det «Uncover» av Rihanna.

– Eg tenkte det var lurt å velje ein roleg song. Då har eg meir kontroll, sjølv om eg er nervøs. Det er også ein song mange lever seg veldig inn i, fortel Ali.

Ho skal vere på Førdehuset heile helga.

– Det er veldig kjekt å vere med på UKM, og eg har fått mange vener her.

Då NRK møtte 16-åringen laurdag, gjekk det mest i førebuingar.

– Eg trudde eg skulle synge i morgon, så eg vart litt stressa når eg fekk vite at det var i dag. I morgon får eg forhåpentlegvis litt meir tid til å vere med på andre aktivitetar.

Sindre Steig på UKM i Førde 2015
Foto: Sigrid Fuglesteg Luksengard / NRK