GLOPPEN: Alt ligg rette for 50 år med Sp

Etter alt å dømme kjem Senterpartiet til å runde 50 år med makta i Gloppen når kalenderen viser 2017.

Leidulf Gloppestad

FORHANDLINGAR I MORGON: Leidulv Gloppestad har teke Senterpartiet til eit veldig godt valresultat, og i morgon startar forhandlingane med tre andre parti.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Vallogo

– Dette er eit veldig, veldig bra resultat, seier listetopp og ordførarkandidat for Senterpartiet i Gloppen, Leidulv Gloppestad.

Før finteljinga ligg partiet hans an til å gå fram med heile 8 prosentpoeng, og får med 11 representantar to fleire enn ved valet for fire år sidan.

– Dette må vi seie var veldig bra. Eg har hatt eit veldig sterkt ønskje lenge om å kome over 40 prosent. Dels på grunn av respons i valkampen, men også fordi energien partiet har lagt ned i valkampen fortente eit godt resultat, seier Gloppestad.

Her kan du lese alle resultata frå Gloppen, og her kan du finne resultat frå alle kommunar etter kvart som dei blir klare.

Kjempeval for KrF – katastrofe for Høgre

KrF gjer eit svært godt val i Gloppen, og meir enn doblar sitt tal kommunestyrerepresentantar frå tre til sju. Partiet får 24 prosent, fram frå 12 ved førre val.

– Det er eit strålande resultat. Eg trur veljarane har svart på at ordførarvalet stod mellom Senterpartiet og KrF. Dei som ville prøve å bryte med den lange historia med Senterpartiet ved makta har samla seg om KrF, seier listetopp for KrF, Svein-Ottar Sandal.

Den store taparen i valet er Høgre, som går tilbake heile 13 prosentpoeng. Med 6,1 prosent blir det berre to representantar i kommunestyret, tre færre enn dei siste fire åra.

Framleis ingen plan B

Gloppestad sa allereie tidleg i sommar at han ikkje hadde nokon plan B, og at han gjekk for å bli ordførar. No ser det ikkje ut til at noko eller nokon kan stoppe han.

Vi har skrive ei avtale med Ap og SV og Venstre om å treffast til forhandlingar. Vi i Senterpartiet er veldig interesserte i eit samarbeidet der alle fire er med, seier Gloppestad.

Dei fire partia ligg før finteljinga an til 15 mandat, eit fleirtal av dei 26

– Eg er klar for ordførarjobben. Vi gjekk inn utan plan B og har ingen plan B no heller.