NRK Meny
Normal

Gloppen til åtak på Avinor – kranglar om fakta

Ordføraren i Gloppen meiner Avinor kjem med grove faktafeil når dei vurderer følgjene av å legge ned Sandane lufthamn Anda.

Sandane lufthamn Anda

KRANGLAR OM FAKTA: Sandane lufthamn er blant flyplassane som er mest utsette. No kranglar Avinor og Gloppen om konsekvensane av ei eventuell nedlegging.

Foto: Eva Marie Felde

Avinor har starta førebuingane mot neste Nasjonal transportplan og vurderer å tilrå nedlegging av ein eller to flyplassar i fylket. Sandane lufthamn er blant dei som er utsette.

Men ordførar i Gloppen Anders Ryssdal meiner Avinor kjem feil ut frå hoppkanten.

– Dette er på grensa til useriøst. Flyplassen er utruleg viktig for oss, det er bedrifter som er heilt avhengige av han og då bør ein kunne stille med faktagrunnlag som er rett, seier han.

Usemje om reisetid

Ordføraren i Gloppen gir Avinor det glatte lag alt før utgreiingane om framtida til flyplassane i fylket er komne skikkeleg i gang.

Anders Ryssdal meiner Avinor sitt arbeid så langt er prega av grove faktafeil. Mellom anna finn han påstandar om at det tek tre kvarter med bil frå Sandane sentrum til Hovden Lufthamn i Ørsta.

Anders Ryssdal

KRITISK: Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, meiner Avinor sitt arbeid er prega av grove faktafeil.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Skal du kome ifrå Sandane til Ørsta/Volda på 46 minutt, så må du nesten ha helikopter, seier han.

Men Avinor tek seg ikkje nær av kritikken. Avinor er uansett i ein fase med innsamling av innspel før utgreiingane startar for alvor.

Prosjektleiar Lars Draagen seier kritikken av reisetid er ei mistyding. 45 minutt er eit gjennomsnittleg tal for kor mykje lenger alle i Nordfjord må reise til flyplassen om Anda blir nedlagt.

– Det er vekta gjennomsnitt. I det materialet vi har lagt fram, har vi forklart korleis vi har gjort det, seier han.

Kritisk til kostnad

I Gloppen er ordføraren ôg oppgitt over at Avinor meiner kvar passasjer frå Anda er subisidiert med heile 1686 kroner statlege kroner.

Omlag tre fjerdedeler av dette er gjennom direkte statlege tilskot som Wideroe får for å drifte flyrutene. Tilskota har auka voldsomt dei siste åra, trass i at passasjertalet har auka i same periode.

På same tid peikar Ryssdal på at Wideroe greier seg utan tilskot på rutene til og frå Flora, den einaste flyplassen i fylket med ein viss konkurranse om å vinne ruteanbod.

– Anda har ikkje fått nye ruter sidan 2000, og likevel aukar tilskotet voldsomt på Sandane. Vi forstår ikkje korleis dette kan vere rett.

Med eit passasjertal på 40000 i året får Sandane Lufthamn samla 67 millionar kroner i tilskot. Avinor står fast ved at dette er korrekt å halde seg til.

– Vi eller departementet må berre akseptere at når det er gitt ut eit anbod, og kome inn tilbod, er det dette vi må halde oss til, seier Draagen.

Oppgitt ordførar

I Sogn stussar òg Sogn regionråd over fakta. Mellom anna har Avinor hevda at det er passasjerlekkasje frå Årdal kommune til Bringeland og Anda. Avinor seier også at det er nesten fem gonger så mange flypassasjerar frå Luster som frå Leikanger. No vil Avinor sjekke tala sine.

Men Anders Ryssdal meiner Avinor legg opp til ei einvegskøyring mot Sandane lufthamn. Som eit døme nemnar han at det er akkurat like langt frå Sandane til Ørsta som omvendt, utan at Avinor vurderer framtida til Hovden.

– Flyplassen har næringslivet i Nordfjord minst like bruk for som i dei andre regionane, seier han.