Hopp til innhold

Gloppen seier nei til Eid

112 røyster skilde ja frå nei i folkerøystinga om samanslåing med Eid.

Magni Aa Berge

SKUFFA: – Eg hadde håpa at det skulle bli ja. Det er litt synd med tanke på resultatet i Eid, seier ordførar i Gloppen, Magni Aa Berge (Sp) er ordførar i Gloppen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg tykkjer det er synd. Personleg hadde eg håpa at det blei ja, seier ordførar i Gloppen Magni Aa Berge (Sp).

50,82 prosent av dei som røysta seier nei til samanslåing med Eid.

47,16 prosent av glopparane som røysta om samanslåing mellom Eid og Gloppen i dag, svara ja til samanslåing i den rådgjevande folkerøystinga. 2,03 prosent røysta blankt.

– Nei er nei

I Eid kommune sa i dag 56 prosent av dei som røysta ja til samanslåing med Gloppen. 39 prosent røysta nei, og fem prosent røysta blankt.

– Eg tykkjer særskilt det er synd med tanke på Eid. Men eg er politikar og vand med å både tape og vinne, seier Aa Berge.

Aa Berge seier ho ikkje har noko tru på det endelege resultatet skal bli annleis trass i at det måndag kveld var ei sokalla rådgjevande folkerøysting.

– For meg er det heilt opplagt at eit fleirtal er eit fleirtal. Eg kjem til å stemme nei når folket i Gloppen har stemt nei.

Nei til bru

arnar

SKUFFA: Arnar Kvernevik i (Ap) trur folk i Gloppen har sagt nei til bru mellom Anda og Lote ved å stemme nei til samanslåing med Eid.

Foto: Vidar Gudvangen

Også Arnar Kvernvik (Ap) seier han blei skuffa over resultatet måndag kveld.

– I dag er eg skuffa. Men vi kjem sjølvsagt til å stemme i tråd med det folket har sagt i kommunestyremøte 17. juni.

Han meiner fleirtalet i Gloppen har sagt nei til bru mellom Lote og Anda ved å stemme nei i den rågjevande folkerøystinga.

– Eg har mista trua i dag. Eg trur ikkje det er mogeleg å lansere ei bru mellom Lote og Anda utan at vi hadde ein veldig god grunn for å lansere den ideen på nytt, seier Kvernevik.

Trur avgjerda står

Hege Lothe

NØGD: Hege Lothe (SV) Seier ho trur resultatet i folkerøystinga er bra for framtida for Gloppen.

Foto: Vidar Gudvangen

Hege Lothe (SV), fungerande varaordførarar i Gloppen er av ei dei som har fronta nei-sida i kommunen. Ho trur resultatet måndag kveld blir ståande.

– Ja, eg trur denne avgjerda blir ståande. Dette blir bra for framtida i Gloppen.

– Eg trur folk ser at Gloppen kommune er eit godt prosjekt. Det er mange som vil bu i Gloppen. Mange tenkjer nok at vi kan samarbeide godt med nordfjordingane rundt oss, seier Lothe.

Stort engasjement

Rekordmange glopparar har førehandsrøysta til valet. 1080 personar nytta seg av mogelegheita til å førehandsrøysta i Gloppen.

67 av stemmene kom frå 16.- og 17.-åringane som nytta seg av retten til å røyste.

Det er om lag 25 prosent av dei røysteføre i kommunen.