Hopp til innhold

Han seier klart nei til nye samtalar

Fylkesmann Anne Karin Hamre ber Gloppen, Stryn og Eid om å ta opp att samtalane om samanslåing. I Gloppen set politikarane sin fremste rådgjevar seg på bakbeina.

Rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure

IKKJE NOKO NYTT: – Det er ikkje noko nytt i denne saka, bortsett frå at Fylkesmannen har gjort kjent sitt syn. Realitetane i saka er dei same som tidlegare, seier rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette blir først og fremst eit politisk initiativ vidare, men mi tilråding er at eg ikkje kan sjå at det ligg føre opplysningar som skulle tilseie at vi skal starte med ei ny runde, seier rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure.

For snart to veker sidan la Anne Karin Hamre fram Fylkesmannen sitt råd til korleis det framtidige kommunekartet i Sogn og Fjordane skal sjå ut.

I tillegg til fire konkrete samanslåingar, bad ho fleire kommunar om å diskutere samanslåing på nytt. Blant dei var Gloppen, Stryn og Eid.

Meiner dei har prøvd godt nok

Rådmann Jan Kåre Fure i Gloppen ser ingen grunn til å følgje oppmodinga.

– Ho meiner vi ikkje har prøvd godt nok, det er eg usamd i. Vi har gjort eit seriøst forsøk på å kome fram til ei løysing i midtre og indre Nordfjord, som vi ikkje kom i mål med, seier han.

Ei bru mellom Anda og Lote har lenge blitt drege fram som ein føresetnad for ei vellukka samanslåing mellom Eid og Gloppen. Men medan eit lite fleirtal i Eid sa ja til samanslåing, sa det knappe fleirtalet på hi sida av fjorden nei.

At Hamre spår endå ein omgang med kommunesamanslåing, gir ikkje Fure kalde føter.

– Eg trur det er god tid til å ta igjen denne saka. Om politikarane ønskjer at vi skal gå vidare med dette, så må det ligge eit tungt og seriøst ønskje om å få til noko. Det å starte nye samtalar utan å ha ein reell vilje til å få til noko, det er iallfall eg lite lysten på å bli involvert i.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

MYKJE NYTT: Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, forstår ikkje at rådmannen i Gloppen kan meine at det ikkje har skjedd noko nytt som endrar utgangspunktet for samtalar om samanslåing.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Frustrert ordførar på hi sida av fjorden

I Eid har Venstre-ordførar Alfred Bjørlo uttrykt frustrasjon over å bli ståande åleine. Han let seg provosere av Gloppen-rådmannen sitt klare nei. Han meiner forslaga om storkommune i Indre Sogn, og større kommunar i Ytre Nordfjord og på Søre Sunnmøre berre er noko av det nye som gir grunn for nye samtalar.

Vidare viser han til at Gloppen har bede om eit samarbeid med nabokommunane Stryn og Eid om barnevernet.

– Ein kan alltids sitte i ro og halde fram som før, medan alle rundt dannar større og meir slagkraftige einingar som skapar utviklingskraft. Men for Nordfjord og regionen sin del trur eg det er avgjerande at vi klarar å sjå kor for utviklinga går elles i landet, elles i regionen, og samle oss for å få felles slagkraft, seier Bjørlo.