Gloppen og Kvåle skular vidare til landsfinalen i Klassequizen

FØRDE (NRK): – Det er kjekt å gå vidare, for det var litt utkropne spørsmål i finalen, seier Øyvind Fure frå Gloppen Ungdomsskule.

Vinnarar i klassequizen 2018

TIL LANDSFINALEN: Anders Fimreite, Anneli Fjelltun Øyre og Kari Eggum Talleraas frå Kvåle skule og Øyvind Fure, Jenny Heggheim Skrivarvik og Simon Austrheim frå Gloppen skule skal representere fylket i landsfinalen i Klassequizen 2018.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

120 10.-klassingar frå 40 skular i fylket har sidan nytt år kjempa med nebb og klør i Klassequizen 2018. Aldri har konkurransen vore tøffare og i dag skulle det avgjerast kva to skular som skulle gå vidare.

– Eg vart litt stressa under opningsspørsmålet for då fekk eg litt jernteppe, seier Anneli Fjelltun Øyre frå Kvåle skule.

Men heldigvis varte ikkje så lenge, og Kvåle skule fekk 13 poeng som var mest av alle skulle som deltok i finalen.

– Det var veldig kjekt, eg hadde eigentleg ikkje trudd at det skulle gå så bra i finalen, seier Øyre.

Saman med laget frå Gloppen går dei no vidare til landsfinalen. Der lovar Øyvind Fure at dei no legg lista langt høgre enn då dei deltok i Klassequizen første gongen. Då hadde dei ambisjonar om eitt poeng

– No når vi skal til landsfinalen har vi litt meir tru på oss sjølve, så no trur eg kanskje vi kan vurdere å ha ambisjonar om to poeng, seier Fure.

Kvåle og Gloppen gjekk vidare i fylkesfinalen

KLASSEQUIZ: Her kan du sjå heile fylkesfinalen i Klassequizen 2018

Har du problem med å sjå videoen på mobil, så prøv laptop, der virkar avspelinga som den skal.