Hopp til innhold

Gloppen-jente avgjorde mot USA

Sigrid Heien Hansen vart tunga på vektskåla då det norske J19-landslaget slo USA 1–0 på La Manga i dag.

Sigrid Heien Hansen

AVGJORDE: I sin sjette kamp for J19-landslaget vart Sigrid Heien Hansen (t.h.) frå Sandane matchvinnar mot USA.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Landslagsspelarane ladar opp til sommarens EM på heimebane med turnering mot Italia, USA og Nederland i Spania.

To minuttar etter sidebytte mot USA fann eit innlegg mot bakarste stolpe pannebrasken til Gloppen-jenta Sigrid Heien Hansen.

– Eg er ikkje akkurat noko hovudspelar, så eg berre tenkte «Wow» då ballen gjekk i mål, gliser 18-åringen.

Andre scoring

Norge vann kampen 1-0, og følgde med det opp 2-0-sigeren over Italia på beste måte.

Sigeren over USA er Heien Hansen sin 11. med flagget på brystet etter landslagsdebuten som Jølster-spelar. Scoringa er berre hennar andre.

– Det har ikkje gått opp for meg enda. Det er ikkje akkurat kvardagskost, men utruleg herleg. Det er jo dette ein jobbar for kvar dag, og då er det heilt fantastisk å få oppleve det, seier Heien Hansen, som til vanleg spelar i 1. divisjonsklubben Fortuna Ålesund.

Full pott på La Manga

Med to sigrar og null baklengs så langt under opphaldet på den spanske solkysten, har Norge imponert.

– Italia visste vi var sterke, og USA er rekna som eit av verdas beste lag. Eg trur nok vi har prestert til våre forventingar. Så er det også herleg at vi presterer som eit lag, seier midtbanespelaren som sjølv spelte nesten heile oppgjeret mot Italia.

Og over halvparten av tida mot USA.

Reiser frå Ålesund

Onsdag ventar Nederland som siste motstandar på La Manga.

– Vi møtte dei med J17-laget, og då var dei ganske sterke. Eg trur vi får det tøft, seier Heien Hansen og ikkje har noko i mot å vere sistemann på ballen ved fleire scoringar. Og til hausten blir ho mest truleg å finne i ein eliteserieklubb i Oslo.

– Eg spelar ut vårsesongen med Fortuna, men eg ynskjer å utvikle meg på eit høgare nivå og reiser når eg er ferdig på vidaregåande skule. Det er fleire klubbar i sikte, men ingenting er avgjort seier ho.