– Ein unødvendig slurvefeil

Gloppen kommune har hamna i ROBEK-registeret. Det skjer fordi dei ikkje leverte økonomiplanen i tide.

Leidulf Gloppestad

IRRITERT: Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad er ikkje nøgd med å ha hamna i ROBEK.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Her har vi rett og slett ikkje tenkt på at det ville få konsekvensar å utsette behandlinga av økonomiplanen til over sommaren.

Det fortel ein lettare oppgitt Gloppen-ordførar, Leidulf Gloppestad (Sp).

– Det som skjedde var at kommunestyret vedtok ein økonomiplan i underbalanse til jul i fjor. Den skulle takast opp til ny behandling i løpet av våren, og vi skulle få eit vedtak som skapte balanse i planen. Det vart ikkje gjort, det vart utsett til over sommaren, seier Gloppestad.

Fylkesmannen måtte ta grep

At dei framleis ikkje har fått på plass ein positiv balanse i økonomiplanen, var Fylkesmannen i Sogn og Fjordane lite imponert over.

– Og då gjer dei det dei må gjere, nemleg å setje Gloppen i ROBEK. Vi har ikkje ein økonomiplan i balanse, og då forstår eg at Fylkesmannen ikkje har noko val, seier ordførar Gloppestad.

Han kan fortelje at han ikkje er nøgd med at ein enkel feil har sendt kommunen inn i det lite attraktive registeret.

– Det er ikkje anna å gjere enn å beklage at vi har hatt ein glipp. Det skal jo ikkje skje, men av og til så glepp det. Dette var ein slurvefeil.

Legg seg flat

Rådmannen i Gloppen, Jan Kåre Fure, legg seg flat etter ROBEK-tabben.

– Dette tek eg på meg skulda for fullt og heilt. Dette var ei tabbe frå mi side, seier rådmmannen.

Gloppestad seier at det ikkje vil få veldig store konsekvensar for kommunen at dei no har hamna i ROBEK.

– For drifta får det ingen konsekvens. Dei låneopptak som er planlagt for året er allereie gjort. No må vi berre bruke tida fram til jul til å få vedtatt ein økonomiplan i balanse.

– Skal vere ute att til nyttår

No ventar altså minst eit halvt år i ROBEK for Gloppen kommune. Dersom dei hiv seg rundt og får på plass ein positiv plan, vil dei starte nyåret utanfor registeret. Gloppestad skulle uansett gjerne vore utan feilen.

– Det er ein unødvendig feil, og ein kan jo berre tenke seg kva ein ordførar tykkjer om at ein gjer unødvendige feil. Det tykkjer ein ikkje noko om. Samstundes er det sånt som skjer, no må vi berre få retta opp i feilen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.