Gloppen i kulturtoppen

Gloppen kommune er på ny inne i topp ti over dei beste kulturkommunane i landet. Det kjem fram av Norsk kulturindeks, som er utarbeidd av Telemarksforsking. Her blir kommunane rangert i ti ulike kategoriar for å måle kulturaktiviteten.